BN+

Landbruksmekling: Jan Egil Fornes og nyetablerte Landkreditt Eiendom hiv seg inn i eigedomsmeklarbransjen på Sørvestlandet med kontor i Rogaland Landbrukspark på Klepp.


Landkreditt Eiendom trur det kjem fleire landbrukseigedommar for sal framover. Nå har selskapet etablert seg med eigen meklar i matfatet på Jæren.


Sjur Håland


Jurist og eigedomsmeklar Jan Egil Fornes har utsikt over store delar av Jæren frå kontoret sitt i Rogaland Landbrukspark på Særheim i Klepp. Fornes har ansvaret for å få det nyoppretta distriktskontoret til Landkreditt Eiendom opp og gå.

Kjøpte Koppang

Landkreditt er mest kjent for bank- og forsikringstilbod retta særleg mot landbruket. Selskapet kjøpte Koppang Landbruks- og næringsmekling i februar i fjor, og tok dermed også steget inn i eigedomsmeklingsbransjen.


– Med etablering her i Sør-Vest no, eitt kontor i Trøndelag og eitt kontor i Vestfold i løpet av sommaren, er me godt i gang med å etablera oss fleire stadar i landet, seier meklaren.


Fornes er frå Aukra. Han har brei erfaring innan eigedomsmekling. I tillegg har han vore banksjef ein periode. No er han busett i Sandnes og skal i hovudsak spesialisere seg på sal av landbrukseigedommar. Distriktet omfattar Agder, Rogaland og søre delen av Vestland.


– Me er fleksible og har slikt sett ingen faste grenser for kor me opererer, seier han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

LES BONDEVENNEN DIGITALT

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Logg inn med brukarnamn og passord.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

Ikkje ennå abonnent? Prøv Bondevennen ei veke gratis her!

Er du abonnent på papir og ønsker digital tilgang?
Send oss en epost på post@bondevennen.no

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.