
Handfast utfordring: Klarar norske biogassanlegg å utnytte fosfor i gjødselresten etter biogassproduksjon? I Tyskland har blant andre gardsanlegget Agro Energie klart det, og den faste fosfordelen blir foredla vidare til gjødselprodukt for blant anna privat- og hagemarknaden. Foto: Jens Måge, Avfall Norge
Etterlyser tal og klar tale om biogass og fosforoverskot
Leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft, er uroa over mange bønder si tru på at biogassanlegg er løysinga på fosforoverskotet.
Bothild Å. Nordsletten
Ståle Hustoft veit at biogass er ein måte å redusera landbruket sine klimagassutslepp på. Men i ei ytring i vekas Bondevennen (Sjå innlegget her.) uttrykker han samstundes uro over det han meiner er mange yrkesfellar si forhasta tru på teknologien som ein kvikk-fiks for å ta unna fosforoverskotet når gjødselregelverket strammast til.
Bondevennen har blitt kontakta av fleire bønder med same bekymring.
«Dei fleste som trur på at biogassanlegget skal redda oss frå strengare spreiearealskrav, har fått presentert at fosforet kan fangast opp, slik at bioresten er fosforredusert. Det er mogleg teknisk. Men er det foreinleg med lønsam drift?», spør Hustoft i innlegget.
– Det er vanskeleg å seia kor mange bønder det er snakk om, men eg har vore på mange medlemsmøte der gjødselforskrift var tema. Det uroar meg kor mange som har løfta fram biogass som løysinga som skal gjera at det nye gjødselregimet ikkje blir så tøft, seier Hustoft.
«Til slutt er det eit prisspørsmål.»
Ståle Hustoft, Rogaland Bondelag
For tøffare tider kan nemleg vera i vente, åtvarar bondelagsleiaren.
– Folk er ikkje blåøygde. Men om denne trua på at biogass skal løysa iallfall ein del av fosforproblemet vårt gjer at folk ikkje planlegg for ei reell tilpassing til nytt regelverk, då er eg redd me kjem på hælane når forskrifta kjem i haust.

Ståle Hustoft
Planlegg nå
Hustoft meiner at bøndene må starta å planlegga for omlegginga til strengare fosforgrenser nå. Og at planane bør inkludera fleire løysingar enn biogass.
Han etterlyser meir og betre informasjon frå bransjen.
– Eg stiller berre spørsmåla. Fagpersonar med truverd må fortelja oss i kva grad det er mogleg å fosforredusera biogjødsla/resten. Me høyrer om ulike metodar, men til slutt er det eit prisspørsmål. Så marginal som lønsemda er i biogass, er eg redd at det ikkje blir råd til ein dyr teknologi som skal fanga fosfor, når anlegg til slutt skal byggast.
Hustoft håpar at biogassaktørane snart realiserer anlegg som viser at fosforreduksjon faktisk er mogleg.

Jens Måge
Ingen kvikk-fiks
Jens Måge er seniorrådgjevar i Avfall Norge, som organiserer den norske gjenvinningsbransjen. Han forstår uroa til bondelagsleiaren.
– Ja, eg gjer det. Og det er veldig bra at ein går inn i dette med realisme og ikkje berre trur at biogass er ein kvikk-fiks.
Det må, som Hustoft er inne på, nemleg meir til, seier Måge.
– Biogass-teknologi fungerer, men biogassanlegg aleine er ikkje løysinga. For i tillegg til gass, får du altså ut biogjødsel. Spørsmålet er kva som skjer med den. Det er viktig at biogjødsla behandlast til ulike produkt som har verdi og som løyser samfunnets felles utfordringar med næringsstoff på avvege.
Måge har trua på at produkta som kan koma ut av biogass vil utgjera eit nytt bein å stå på for landbruket, men understrekar at det må vera butikk i det for bøndene.
Ikkje lønsamt ennå
Medan fleire biogassaktørar hevdar å sitja på løysinga på fosfor-floka, er det ifølgje Måge så langt ingen anlegg som driv med fosforreduksjon av resten etter biogassproduksjon frå husdyrgjødsel i Noreg. Ei heller dei sju-åtte større industrianlegga som behandlar matavfall reduserer fosforet i restdelen.
– Me har ikkje kome i gang. Fokuset på dette kjem først nå, med det nye fosfor-regelverket, seier Måge.
Grunnen er, i følgje rådgjevaren, at fosforekstrahering ikkje er lønsamt ennå. Det er heller ikkje naudsynt i heile landet. Samstundes presiserer han at det i Trøndelag alt forskast på å finna løysingar og bygge nye verdikjeder for fosfor som er gjenvunne frå organiske råvarer, men at dette framleis er i ein tidleg fase.
– Derfor etterlyser me rammevilkår for dette. Nå har me fått eit gjødselregelverk som det ikkje følgjer pengar med. Men alt som handlar om sirkulærøkonomi kostar. Det nye regelverket diskuterer det knapt, seier Måge.
«Me har ikkje kome i gang.»
Jens Måge, Avfall Norge
Kor hen?
Måge beklagar at Noreg førebels ikkje har eit nasjonalt mål på kva me vil med gjødsla i den sirkulære bioøkonomien.
– Hadde me eit forpliktande stortingsvedtak som sa at i 2030 skal me produsera fem TWh, så ville neste spørsmålet vera ‘korleis kjem me dit’? I så fall ville du ikkje fått bygd biogassanlegg utan å løysa fosforfloken.
I følgje Måge er Enova, som gir statleg støtte til biogassanlegg, ein del av grunnen til at ein ikkje har kome lengre i Noreg.
– Enova er opptatt av innovasjon og av energiproduksjon. Dei vektlegg korkje fosforproblematikken, sirkularitet eller klima i sine tildelingar. Avfall Norge vil heller at Bionova (statleg verktøy for finansiering av bioøkonomi og klimatiltak innan landbruk, skogbruk og havbruk, journ. meld.) kan støtta det me treng: Ein sirkulær bioøkonomi som tenkjer i heile verdikjeder.
– Og om me ikkje får det til?
– Då lukkast me ikkje å nå måla for ein sirkulær økonomi, og organiske avfallsressursar kan måtte gå til forbrenning. I verste fall må også landbruket redusere talet på dyr.
Sikre på at FKRA lukkast
Torgeir Erfjord leiar FKRA sitt arbeid for eit biogassanlegg på Grødaland i Hå kommune. Også han forstår bondelagsleiaren sine bekymringar. Samstundes er han trygg på løysinga finst.
«Me er sikre på at me skal få til fosforreduksjon i vårt anlegg.»
Torgeir Erfjord, FKRA
– Me er sikre på at me skal få til fosforreduksjon i vårt anlegg. Dette er sjølve nøkkelen for Grødaland. Hovuddrivaren for FKRA til å gå inn i dette er jo at me kan bidra til å møta det nye gjødselregelverket.

Torgeir Erfjord
Erfjord stadfestar at teknologien for å redusera fosforinnhaldet i biogjødsla finst, og at den ikkje er kostnadssvarande for mindre gardsanlegg eller mobile biogassanlegg. Ein må opp i storleik, skal det løna seg.
– I eit industrielt anlegg kan kostnaden forsvarast, seier Erfjord.
– Og me har løysinga. Den er sjølve føresetnaden for Grødaland og den kompromissar me ikkje med.
Erfjord seier FKRA tar mål av seg til å tilby to-tre flytande variantar av fosforredusert gjødsel. Gitt støtte frå Enova i haust, vil ein fatta ei investeringsavgjerd til vinteren.
Biorest eller biogjødsel?
Biogass-bransjen nyttar i aukande grad ordet «biogjødsel» for delen som blir att etter utvinning av gassen. Forklaringa er at «biogjødsel» gir assosiasjonar til eit produkt, medan «biorest» læt meir som eit avfallsproblem.
Så heretter, altså: Biogjødsel.