Saknar næringsrekneskap: Bart van Gool ønskjer ein klimakalkulator som også synar korleis næringsstoffa i dei ulike delane av produksjonen blir utnytta. – Det er næringsrekneskapet, inkludert analysar frå jord- og fôrprøvar som er mest interessant, og det er her det økonomiske potensialet ligg, seier han. Foto: Thea Hjertuslot.

Er den nye klimakalkulatoren eit dokumentasjonsverktøy tilrettelagt for storsamfunnet eller eit nyttig verktøy på garden?

Sjur Håland

Medan enkelte er udelt begeistra, stiller andre spørsmål kring klimagasskalkulatoren. Ein av dei er rådgjevarveteranen Bart van Gool.

– Om du vil rekna på klimagassutsleppa er klimakalkulatoren heilt ok. Spørsmålet er om det store fleirtalet av mjølkebøndene er særleg interessert i, og motivert for, å ta denne kalkulatoren i bruk. Mi erfaring er at bøndene er langt meir opptekne av produksjonsresultat og optimal utnytting av næringsstoffa. Det er der økonomien ligg. Dei færraste vil ligga vakne nattetid og grubla på korleis dei kan redusere utsleppet av metan, lystgass og karbondioksid.

Klimakalkulatoren er nok, i følgje Gool, best eigna til å tilfredsstilla dokumentasjonskrav frå storsamfunnet, og i mindre grad eit praktisk verktøy og ein motivator for bonden.

Bart van Gool

Gool, som i dag er timetilsett rådgjevar hjå NLR-Vest, har mange år på nakken og eit stort engasjement for å bruka næringsrekneskap på norske gardsbruk, blant anna med hjelp av det nederlandskinspirerte programmet Kretsløpstolken. Han seier likevel at det er mykje bra med den nye kalkulatoren.

– Men han må følgjast opp med eit kretslaupsverktøy som tar med heile næringsrekneskapen for nitrogen, fosfor og kalium. Dermed vil ein også oppnå auka motivasjon for å driva god agronomi på jord og i fjøs, seier han.

Målar ikkje ammoniakk

Utgangspunktet for Klimasmart Landbruk er å måle utslepp av klimagassar, understrekar Gool.

– Slik eg har forstått det, målar ikkje klimakalkulatoren til dømes ammoniakkutslepp. Det er rett nok ikkje ein klimagass, men likevel ein svært verdfull indikator på kor mykje av nitrogenet ein greier å behalde i kretslaupet på garden, seier han.

Saknar samla oversikt

Kretsløpstolken bereknar utnytting og tap av nitrogen, kalium og fosfor. Her vil utslepp av klimagassar, som metan og lystgass, vera ein del av dei samla tapa. Ein slik samla oversikt inspirerer bonden meir til å gjera agronomiske grep for å få ned tapa og dermed auka resultatet på botnlina enn kva berre ein oversikt over klimagasstapa gir.

– Den effekten gir ikkje klimakalkulatoren godt nok slik eg ser det, seier han.

Klimakalkulatoren bereknar utslepp av klimagassar, men registrerer ikkje effekten av endra avlingsmengd eller utslag på endring i yting per kilo mjølk per ku, meiner han.

– Du seier med andre ord at klimakalkulatoren ikkje motiverer særleg til å driva god agronomi?

– Nettopp. Den biten som synar korleis næringsstoffa i dei ulike delar av produksjonen blir utnytta, er mest interessant for bøndene. Den saknar eg i klimakalkulatoren. Det er næringsrekneskapet, inkludert analysar frå jord- og fôrprøvar som er mest interessant, og det er her det økonomiske potensialet ligg. At ein så i tillegg får utrekna klimagassutsleppa på garden er ein bonus som etter kvart kan skapa interesse, også for dei som ikkje er så interessert i det per i dag.

For lite praktisk

Med klimakalkulatoren blir alt automatisert gjennom dataflyt, noko som er bra, meiner van Gool.

– Men data om klimagassutslepp kan ikkje brukast som eit verktøy for å betra agronomien, utan at det blir følgt opp med god rådgjeving med merksemd retta mot heile næringskretslaupet på garden.

Han er redd for at klimakalkulatoren, slik han er i dag, blir for lite konkret og praktisk retta.

– Bonden får dermed ikkje eit eigarforhold til verken dataflyten eller resultata som blir rekna ut for garden. Her er det ein del å gå på med klimakalkulatoren, så det er berre å stå på vidare, seier han.

Skal spara CO2

Prosjektleiar for Klimasmart Landbruk er Tony Barman. Han held fram at Landbrukets Klimaselskap ikkje skal tena pengar gjennom klimakalkulatoren, men spara CO2-ekvivalentar. Klimaarbeidet skal ned på gardsnivå, representert gjennom 40.000 gardsbruk, fordelt over heile landet.

– Forsking synar at variasjonen på utsleppsintensiteten mellom dei ulike gardsbruka er stor, seier Barman.

Bruker dataflyt

Bonden skal rekna på eigen gard og konkurrera med seg sjølv. På sikt, når alt er på plass, kan bonden samanlikna utsleppa på eige bruk med andre. Store datamengder skal inn i kalkulatoren. Her blir det lagt opp til at mykje data legg seg på plass gjennom automatisert datahenting, eller dataflyt, slik at bonden ikkje treng å gjere denne biten sjølv. Alt av data er ikkje på plass enda – det kan henda bonden må inn og henta nokre tal ei stund framover.

Klimakalkulatoren er friviljug

Bodhild Fjelltveit er andre nestleiar i Norges Bondelag. Ho seier at å ta i bruk klimakalkulatoren er friviljug for den enkelte bonde. Ho understrekar at kalkulatoren, saman med rådgiving, er eitt av åtte satsingsområde i Landbrukets Klimaplan, som vart lansert av ei samla landbruksnæring i april.

– Når ei samla næring, organisert i Landbrukets Klimaselskap, no lanserer Landbrukets Klimakalkulator, har me mange gode folk med på laget for å spreie engasjement og kunnskap om nytteeffekten, seier ho.

– Kan det etter kvart koma eit krav til bøndene om å ta klimakalkulatoren i bruk?

– Det kan eg ikkje spå noko om. No er det friviljug om du vil bruka kalkulatoren eller ikkje. Når etter kvart alle data kjem på plass blir klimakalkulatoren tilgjengeleg for alle produksjonane.

Bodhild Fjelltveit

Fjelltveit forklarar at kalkulatoren skal vera enkel å ta i bruk med hjelp av eit omfattande rådgjevarapparat. Eit e-læringskurs blir også tilgjengeleg.

– Meininga er at me bønder skal kunne ta dette kurset for å sikra naudsynt kunnskap og bakgrunnsinformasjon, seier ho.

Agronomi og klima

– Korleis er motivasjonen ute hjå bøndene?

– Den varierer nok. Mangfaldet er jo stort der ute. Me bønder er ulike og har forskjellige produksjonar rundt om på bruka. Eg trur mange vil finna klimakalkulatoren interessant. Dei har lyst til å driva god agronomi og samstundes ta del i klimaarbeidet.

Andre nestleiaren held fram at dei neste månadane vil gi ein peikepinn på kor mange som vil ta klimakalkulatoren i bruk i dei produksjonane som er tilgjengelege. Del av klimaplanen

– Kva svarar du dei som held fram at klimakalkulatoren ikkje er anna enn eit omdømmegrep frå landbruket si side og eit svar på kritikken frå omverda?

– Då vil eg vera usamd. Klimakalkulatoren er ein del av landbruket sin klimaplan. Me har heile tida sagt at landbruket skal ta sin del av det pågåande klimaarbeidet. Dette handlar ikkje om å vera politisk korrekte.

– Blir klimakalkulatoren i praksis flinkisane mot klimafornektarane?

– Nei, det trur eg ikkje. Eg håper det breie landbruksengasjementet som står bak klimakalkulatoren skal løfta fram kalkulatoren og syna folk at dette er både eit klimaforbetrande verktøy og eit reiskap som er godt eigna til å betra resultata på gardsbruka.

Landbrukets Klimaselskap:

17 landbruksorganisasjonar har danna eit eige selskap, Landbrukets Klimaselskap SA, som står bak Landbrukets Klimakalkulator som vart lansert førre veke. Bonden skal med hjelp av data frå garden med få tastetrykk berekna garden sitt detaljerte klimaavtrykk, både totalt og per produsert eining. Han vil få opp tal for karbondioksid, lystgass, og metan. Det heile blir summert som CO2-ekvivalentar. Førebels er klimakalkulatoren utvikla for bruk med ku, korn og gris.

 Landbrukets klimaplan:

Bakteppet for Landbrukets Klimakalkulator er Landbrukets klimaplan frå april dette året. Her la eit samla landbruk fram ein plan gjennom åtte satsingsområde for å redusera klimagassutslepp frå landbruket og å auke karbonopptaket i jorda med fem millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2030. Landbrukets klimaplan er ein konsekvens av klimaavtalen mellom Norges Bondelag, Norges Bonde- og Småbrukarlag og regjeringa i 2019. 

Stikkord denne saka: