
Rekvisisjon: Forsvaret kan få bruk for traktoren eller andre reiskaper på garden din i tilfelle krig. Illustrasjonsfoto frå øving med HV-01 i Vestfold. Foto: Mikkel Strøm, Forsvaret.
Følg med på Altinn. I ein krigssituasjon kan forsvaret rekvirera traktoren din. Du kan til og med risikera å måtta stilla som sjåfør.
Sjur Håland
Sjølv om du har papir på at traktoren, gravemaskinen eller bilen er din, kan du risikera at kjøretøyet blir rekvirert av Forsvaret i ein krisesituasjon. Dette er ikkje nytt. Men i samband med ei større øving på Austlandet midt i september, gjorde NRK det kjent at Forsvaret nå kan skaffa seg tilgang på sivile ressursar på få dagar, via Altinn. Dersom det skulle oppstå ei hending som krig.
Digitale register
I ein krigssituasjon vil Forsvaret ha bruk for ei mengd med sivilt materiell som dei av budsjettmessige årsaker ikkje har tilgang på til vanleg. Med ny teknologi, vil rekvisisjon av sivilt materiell ta langt kortare tid enn før, då slik informasjon vart sendt med post og papir. Det nye systemet betyr at register over materiell med norske eigarar skal brukast. Melding om rekvisisjon blir sendt til dei det gjeld via Altinn.
NRK har snakka med Nils Helle, nestkommanderande i Forsvarets logistikkorganisasjon. Han seier at om heile Forsvaret blir sett på krigsfot, vil dei aldri ha nok materiell.
– Då er det viktig for oss å kunne skøyta på med sivil kapasitet, seier han.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.






