Gisle Tungland
HØYR:
– Gir oss ikkje før me er i mål
NLR treng fleire rådgivarar på Jæren. – Rekrutteringa er alt anna enn lett for tida, seier regionsjef i NLR Sør, Gisle Tungland.
Sjur Håland
– Me merkar det same som resten av landbruksnæringa i fylket. Det er for få kandidatar å velje mellom, fastslår Tungland.
Det er eit hav av situasjonar og område der bonden har behov for spesialkompetanse.
– Det er kjekt at me får stadig meir å gjera. Bøndene på Jæren og elles er flinke til å bruka oss. Dei krev like mykje av oss som dei gjer av seg sjølv.
I rådgiving må du ikkje berre vera fagleg sterk, men også trygg i rolla som rådgivar. Det er ein spanande og krevjande jobb, seier Tungland.
Dei er kresne på kven som blir tilsett.
– Slik kjem det framleis til å vera. Samstundes skal me til ei kvar tid helst ligga i førekant med ressursar og kunna tilby alt bøndene etterspør av rådgiving.
På Haugalandet har dei det mannskapet dei treng. Det same gjeld på Agder.
– Men på Jæren er arbeidsoppgåvene særleg mange. Me har tilsett fleire dei siste fem åra, men treng enda fleire. Både forsøksteknikarar og rådgivarar. Særleg innafor grovfôr-området.
– Kvifor har det blitt slik?
– Dammen alle fiskar i har mindre fisk. Det verkar i tillegg som at det er færre som utdannar seg innan plantevitskap og agronomi.
«Dammen alle fiskar i
har mindre fisk.»
Gisle Tungland
Han seier det «alltid» har vore for få jærbuar som har teke relevant utdanning for denne typen rådgiving.
– Har de gjort nok for å finna dei rette kandidatane?
– Me gjer det andre gjer pluss, pluss. Til dømes å vera aktive i sosiale media. Å bruka nettverka til dei me alt har tilsett er også ein strategi som fungerer bra. Vidare oppsøker me skulane, kor me fortel studentane at det er rike moglegheiter for dei som ønskjer ein jobb i NLR.
– Er de likevel ikkje attraktive nok?
– NLR er ein attraktiv arbeidsplass med konkurransedyktig løn – også for nyutdanna. Hos oss får du ei bratt læringskurve og blir del av eit landsomfattande fagmiljø med over 400 tilsette.
Å arbeida i NLR gir høve til å arbeida på mange felt og å utvikla seg som menneske og fagperson, seier regionsjefen.
– Men me treng nok å bli enda flinkare til å formidla dette, seier han.
Tungland har tru på at dei skal få personellkabalen til å gå opp.
– Nå har me skifta gir enda ein gong og skal i gang med ein ny rekrutteringskampanje der me brukar midlar for å visa oss fram i fleire kanalar. Me gir oss ikkje før me er i mål, men det tar lengre tid enn me likar.
DEI SISTE ARTIKLANE FRÅ HØYR:
– Det handlar om førestillingsevne
2026 er «Totalforsvarsåret». Noreg er ikkje godt nok rusta til ei krise, og det må også bøndene bidra til å gjera noko med, seier Elisabeth Longva i DSB.
– Her er nye bønder overalt
1. januar 2026 tar Herman Røysland over garden. Og han blir ikkje aleine som fersk, ekte bonde.
– Forsikringsselskapa har vore uhøyrte
Grunneigar-guts gav siger i gjerdesaka mot Bane NOR. Men talsperson for grunneigarane, Bernt Terje Høyland, er hard i dommen over forsikringsselskapa og rettstryggleiken for meinigmann.



