Regelverk: «Det er på høg tid at politikarar har meir djup kunnskap før dei vedtek så dramatiske inngripande reglar for ei heil næring.» Det skriv Eldar Melbøe Kyllesø, leiar av Rogaland Bonde- og Småbrukarlag. Foto: Thea Hjertuslot
LESARBREV:
Gjødselparadokset
Det ulmar i Rogalandslandbruket, og denne gongen er ikkje tørke eller energiprisar som står på agendaen, det er det lammande byråkratiet som er utløyst av den nye gjødselvareforskrifta.
Denne teksten er ei ytring, og gir uttrykk for skribentens personlege haldningar.
Innstrammingane har allereie lagt eit voldsomt press på bonden sitt spreieareal. Landbruket blir sett på som eit problem for miljøet, og no skal i tillegg Statsforvalteren i Rogaland oppheve spreieareal på verdifulle kulturbeite og innmarksbeite som har vore gjødsla i generasjonar. Det teiknar seg eit dystert bilete for matproduksjonen i matfylket.
Men det største problemet her er ikkje berre dei rigide miljøkrava frå embetsverket, det verkelege paradokset ligg på politisk toppnivå. Her har me politikarar som stod i bresjen for å lose den nye gjødselvareforskrifta igjennom, og som fekk selt inn at den skulle vera «til å leve med» for landbruksnæringa.
«Men det største problemet her er ikkje berre dei rigide miljøkrava frå embetsverket, det verkelege paradokset ligg på politisk toppnivå.»
Eldar Melbøe Kyllesø
Ein kan heller ikkje unngå å sjå at Rogaland Bondelag 04.06 var ute å forsvarte denne forskrifta og kommenterte i Bondebladet at det er det beste me kunne håpe på og tydeleg advarte mot noko omkamp mot regelverket.
No ser me derimot dei direkte konsekvensane av det nye regelverket ute på rogalandske gardar. Nær hundre bønder har fått varsel om at dei kan miste retten til å gjødsle store beiteareal, noko som kan ha store konsekvensar for flinke matprodusentar og attpåtil så har gjennomgangen foreløpig berre vore i Nordfylket og Stavanger. Skrekk å gru når ein skal kartlegge vidare, her blir spørsmålet kor mange må redusere talet dyr og skalere ned produksjonen?
Det framstår derfor litt komisk at nå rykker arkitektane bak forskrifta ut i media med krass kritikk av Statsforvaltaren. Det krevst no at Stortinget må på banen for å sikre meir «fleksibilitet» og stoppe forbodslinja. Dette er ganske spesielt når det er politikarane sjølv som har gitt embetsverket dei juridiske verktøya for å gjere innstrammingar. Har dei ikkje visst kva dei gjorde når dei stramma inn fosforgrensene og stilte strengare krav til godkjenning av spreieareal på innmark? Det er på høg tid at politikarar har meir djup kunnskap før dei vedtek så dramatiske inngripande reglar for ei heil næring.
«Det framstår derfor litt komisk at nå rykker arkitektane bak forskrifta ut i media med krass kritikk av Statsforvaltaren.»
Eldar Melbøe Kyllesø
Eldar Melbøe Kyllesø
At no embetsverket følger opp denne marsjordren og kartlegg beitemark i tråd med nye miljøambisjonar burde ikkje kome som noko sjokk på dei som signerte denne avtala. Når ein no må gå i retrett og krevje politisk inngripen for å redde beitebruken vitnar om ein total mangel på konsekvensutgreiing og kunnskap då forskrifta vart vedteken. Ein kan ikkje først vedta strenge arealavgrensingar på papiret for så å rase i media når teorien møter realitetane.
«Rogalandsbonden treng forutsigbarheit, ikkje politikarar som opptrer som brannstiftarar og brannmenn på same tid.»
Eldar Melbøe Kyllesø
Rogalandsbonden treng forutsigbarheit, ikkje politikarar som opptrer som brannstiftarar og brannmenn på same tid. Meiner ein alvor med at beitebruk og sjølvforsyningsmål skal bestå så må ein slutte å sutre og heller rydde opp i sitt eige regelverk. Det er tross alt deira eiga forskrift som no truar rogalandslandbruket.
Denne saka minner om talgrunnlaget som også vart køyrd igjennom meir eller mindre som ei hastesak, og som me ser har store manglar. Bonden kjenner seg som vanleg ikkje igjen. Det er med stor uro ein derfor må konstatere at eit mål om 50 prosent sjølvforsyning innan 2030, framstår som heilt urealistisk. Då må kart og terreng stemme.
Eldar Melbøe Kyllesø, leiar av Rogaland Bonde- og Småbrukarlag


