Ein gild milepæl: Avlsdiplom er ei fin påskjønning etter eit langt liv som bonde. No har Carl Peder Eiane GS-testa alle hodyra i buskapen og skal finjustere avlen og samstundes produsere meir kjøt.

Etter ein periode med det jærbuen har kalla eit trønderdominert okseutval, er dei no oppmuntra av at heile seks av 22 eliteoksar er født i Rogaland.

Liv Kristin Sola

Ein ny oksekatalog er lansert og tradisjonen tru samlast avlsinteresserte bønder på Genoloftet for ein gjennomgang av nye og gamle oksar i katalogen.

Korleis er framtidskua?

– Mange oksar ligg midt på treet på mange eigenskapar. Alle er over middels på mjølk. Då er det lett å lage planar, seier avlsrådgivar Lars Byberg Timpelen.

Han trekker fram enkelte oksar som han meiner har typisk «mjølkepreg», og tilrår å bruke kjønnsseparert sæd frå desse for å avle fram fôreffektive og haldbare produksjonsdyr.

– Ei mindre ku som produserer mykje mjølk på «lite» fôr, gir best økonomi som mjølkeku. Samstundes skal NRF også levere på kjøt. Diskusjonen om kva ku me skal ha i framtida, den må me ta før eller seinare, utfordra rådgivaren.

Ei spesiell slekt

Carl Peder Eiane, frå Idsal, var spesielt invitert for å ta imot avlsdiplom for eliteoksen 12037 Eiane.

– Oksen passar til alle og bør nyttast mykje. Han avlar raskmjølka døtrer, utan lekkasje, og er best på klauv, seier Byberg Timpelen.

Eiane er blant dei som har teke stilling til kva ku han vil ha i buskapen. Alle hodyra er GS-testa. Planen er å bruke kjønnsseparert sæd på den beste tredjedelen, kjøtfe på dei svakaste og vanleg NRF-sæd på dei midt mellom.

– Med enkelte unntak, presiserer bonden, og tenker på slekta til eliteoksen.

– Dei er heilt spesielle og skal rekruttere nye kvigekalvar, seier han.

I årevis har han drive aktiv avlsplanlegging i lag med rådgivar Svein Egil Skartveit. Det gir resultat. Både mor og bestemor til eliteoksen er i produksjon, bestemora i sin sjuande laktasjon. Eldstekua i buskapen har ti laktasjonar og nærmar seg 100 tonn mjølk. No er målet å avle fram fleire gode mjølkekyr som kan klare mange laktasjonar, og samstundes produsere så mykje kjøt som mogleg.

Topp på kropp

Leidulv Harboe og sonen Steinar Kjosavik, tok imot avlsdiplomet for eliteoksen 12028 Kjosavik. Dei har 300 tonn i kvote og snautt 40 årskyr i robotfjøs.

– Eksteriørmessig heilt på topp. Spesielt god på jur og bein. Denne må du skryte av, seier Lars Byberg Timpelen.

I husdyravlen er merksemda på farsslekta, men i dette tilfellet trekker rådgivaren fram oksemora.

– Ho fekk 87 poeng. Berre unntaksvis får me kyr som passerer 90 poeng, seier han.

Dessverre trakka ho seg på ein spene og er ikkje lenger i live.

Stikkord denne saka: