Framtida for dei raude mjølkerasane ville sett lysare ut dersom Geno og Viking hadde fått til eit tettare samarbeid meiner Morten Kargo i Viking. – Bonden er taparen, seier han.
Framtida for dei raude mjølkerasane ville sett lysare ut dersom Geno og Viking hadde fått til eit tettare samarbeid meiner Morten Kargo i Viking. – Bonden er taparen, seier han.
Dei siste ti åra har vore alt anna enn stabile for Laila og Oddbjørn Ognedal. No håper bøndene på gode år framover slik at dei kan sjå kva dei kan få ut av fjøset, investeringane og genetikken.
Med dagens hjelpemiddel og aktivitetsmålarar skulle ein tru at omløp var historie. Slik er det ikkje, men aktivitetsmålaren er eit godt hjelpemiddel for å lukkast betre med insemineringa.
Ein god start på livet og rett fôring før og etter kalving er viktig for brunst og drektigheit. – Det kan ikkje teknologien gjere for deg, seier Jorid Lybæk.
Mona og Rolf Magne Haukalid har gått frå eliteokse til dei beste kyrne og eigen okse til kvigene, til RedX på dei beste kvigene og kjøtfe på resten. No satsar dei på 30 prosent kvigepåsett.
Helse og fruktbarheit er NRF-kua sitt varemerke – eigenskapar som er ettertrakta å krysse inn i den høgtytande, eksteriørsterke Holstein-genetikken. Men kva for eigenskapar vil bli ettertrakta i framtida?
Neste år feirar NRF 90 år. Men korleis står det eigentleg til med den raude kua, i konkurranse med dei dominerande storferasane i verda?
Søyene i sauehuset hjå Eirik Braut Serigstad er høgreiste og kraftige. Eit aktiv avlsarbeid gjennom mange år gir gode resultat, både på tilvekst og på kvalitet på slakteoppgjeret.
Minikonferansen vart fullbooka på fire dagar då styret i Norsk Holstein inviterte medlemmar til samling i samband med årsmøtet. Den haldbare kua var ein raud tråd gjennom heile programmet.
Elling Ruggli var ein av dei første som importerte holsteinsæd her i landet. No sel han femti livkviger i året.
Bondevennen nr 12
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 26. juni.
Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!
Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.