HØYR:

Grævla’ gildt på fagmøte!

15. juni 2025 | Aktuelt

Emrik Horpestad (13) tilrår andre husdyrinteresserte jamaldringar å bli med på fagmøte.

Bothild Å. Nordsletten

At 13-åringen Emrik Horpestad frå Jåttå vart observert på Geno-møte på Særheim sist veke, forklarar han slik:

– Eg var med ein bonde som eg jobbar hjå. Eg er med han og lærer mykje, kvar dag. Får eg høve til å byrja som avløysar hjå han, kjem eg til å gjera det.

– Kva får du ut av slike møte?

– Det er interessant. Eg høyrer om fruktbarheit, avslverdi, og om kva oksar som passar på kviger, og kva oksar som passar på kyr.

Kalvar og kyr er det som interesserer bondespira mest.

– Eg er opptatt av at dei skal vera fine og ha det godt, seier han.

– Kor lett er det å henge med på det som vert sagt på møtet?

– Nei, eg følgjer jo med. Det går greitt. Eg forstår det meste.

Emrik Horpestad. Foto: Oddny Kinn

Emrik Horpestad. Foto: Oddny Kinn

– Korleis har du tenkt å bruka det du lærer framover?

– Eg har lyst til å bli bonde, så då kan det eg høyrer her koma godt med.

– Er du ofte ute på fagmøte?

– Dette var første gong på Geno, men eg har vore på eit anna med morfar.

– Kjem du til å gå på fleire?

– Ja, ja! Det var grævla’ gildt, så ja.

– I kva grad meiner du det er viktig å gå på slike møte for folk på din alder?

– Det spørs jo kva det handlar om, men eg kan godt anbefala det til andre. Det var nokre der som var opp mot 19, så eg kjenner ikkje på at eg var den einaste ungen.

«Eg kjenner ikkje på at eg var den einaste ungen​.»

Emrik Horpestad

– Kva tankar gjer du om NRF som rase?

– Det er ein god rase, med mykje godt kjøt og god mjølk. Ikkje så mykje feitt som i Jersey-mjølka. Det er bra. I forhold til angus, holstein og jersey kjem også NRF i mange ulike variantar av utsjånad. Det likar eg.

Er Emrik heldig, får han kanskje få overta garden til morfar. Eller onkel. Eller til ein annan kar han jobbar litt hjå på Klepp. I så fall er rase-valet klar.

– Eg vil ha NRF og Holstein. Dei er fine rasar. Molkar godt.

– Har du alt planar for neste fagmøte?

– Ja! Men veit du kva tid det skulle vera, igjen?

– Det står kanskje i Bondevennen?

– Ja!

DEI SISTE ARTIKLANE FRÅ HØYR:

– Det handlar om førestillingsevne

– Det handlar om førestillingsevne

2026 er «Totalforsvarsåret». Noreg er ikkje godt nok rusta til ei krise, og det må også bøndene bidra til å gjera noko med, seier Elisabeth Longva i DSB.​

– Forsikringsselskapa har vore uhøyrte

– Forsikringsselskapa har vore uhøyrte

Grunneigar-guts gav siger i gjerdesaka mot Bane NOR. Men talsperson for grunneigarane, Bernt Terje Høyland, er hard i dommen over forsikringsselskapa og rettstryggleiken for meinigmann.