
Snart ferdig: Bjarte Løland Bråtveit ved hesja med tidsrett arbeidsantrekk. I bakgrunnen kompis, Sven Følgesvold, som hjelper til. Traktoren som vart nytta til slått er ein 1955-modell Hanomag R 12, medan det er ein 1963-Deutz D40 L (på biletet) som er rigga med høysvansen. Deutz’en var det Bjarte sin oldefar som henta til gards i si tid. Foto: Privat.
Bjarte Løland Bråtveit frå Sandnes er eit prov på at ein ikkje treng å ha nådd sjels år og alder for å ha syn for å ta vare på gamle tradisjonar og haustereiskap. Denne sommaren hesja 25-åringen for første gong.
Sjur Håland
Høyonna gjekk føre seg på garden heime hjå storebroren, Jarle Løland Bråtveit, i Noredalen i Sandnes.
– Eg er interessert i gamle ting, og vart utfordra på at eg burde prøva å hesja. Då kunne eg også få brukt eine gamle traktoren min med sidemontert slåmaskin, seier Bjarte til Bondevennen.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.