Gjødseluro: Det blir Fullgjødsel og mineralgjødsel elles å få tak i til våren. Men kundane må belaga seg på å måtte velja alternativ til førstevalet. Driv du spesialproduksjon og er avhengig av ein bestemt type gjødsel, må du handla i god tid. Illustrasjonsfoto: FKRA
Gjødselmarknaden er krevjande med stigande prisar, stor global uro og usikre leveransar. Felleskjøpet Rogaland Agder har fått dei gjødselvareleveransane dei har blitt lova så langt.
Sjur Håland
Får du tak i mineralgjødsel til våronna, og kva vil du eventuelt måtta betala for plantenæringa? Utenkelege spørsmål å stilla for berre nokre månadar sidan. Høgst reelle problemstillingar i dag.
– Alle planlagde leveransar av gjødsel i haust er anten leverte, eller bekrefta leverte, seier sjefen for plantekultur i Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA), Jens Randby, til Bondevennen.
Når dei to siste bulklastane har kome inn i oktober-november, er mykje av Fullgjødsel og NPK-forbruket neste vår sikra, seier Randby. Båtlastane med mineralgjødsel som er prognoserte rett over nyttår, er førebels ikkje bekrefta av gjødselleverandørane til FKRA. Men dei har ikkje motteke signal at dei ikkje kan bli leverte, understrekar ha
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.