Opna utstillinga: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad fekk æra av å opna utstillinga på Jærmuseet. På høgtideleg vis klipte ho ein tjukk ulltråd med ei sløv ullsaks. 

Ny museumsutstilling skal læra folk om fe.

Jane Brit Sande

Jærmuseet har fått ei ny permanent utstilling på Vitengarden i Hå kommune. SAUEN er ei utstilling om sauelivet, raritetar knytt til sauen – frå fortid og nåtid, og om heiasjefane sitt liv. Jæren Smalalag har vore ein sentral bidragsytar i utstillinga, med både historiar og bilete.
Landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad klipte ullsnora og opna utstillinga måndag 3. juni.

Fire delar

Anne Jorunn Frøyland er prosjektleiar for utstillinga, og har arbeidd tett saman med fotograf Anne Helen Robberstad. Dei siste åra har dei vitja, intervjua, fotografert og filma sauebønder, heiasjefar og andre personar knytt til fagmiljøet.

– Resultatet er ei utstilling delt inn i fire delar. Første del er ein småfeklinikk, der born får tre inn i rolla som veterinær, undersøker sauer og lam og stiller diagnosar. Ei fotoutstilling tar oss med på heiaføring og gjennom årssyklusen med sauen i samtid og fortid gjennom foto. Anne Helen Robberstad har laga ein kunstinstallasjon, filmkunst, om sauen og sauehaldet. Fjerde del er «Tingrommet». Gjennom museumsgjenstandar og andre ting formidlar me sauen sin plass i vår kultur, sa Frøyland, under opninga av utstillinga.

Heiføring inn i framtida

Sauebønder, heiasjefar, og andre som har bidrege til utstillinga, var til stades ved opninga. Leiar av Jæren Smalalag, Asbjørn Haga, meiner at det er på sin plass at heiaføring også har hamna på museum, og understreker at det fortsatt er liv i tradisjonane.

– Jæren Smalalag har vore aktive i over 100 år, og kjem til å vere det i mange år framover. Det er fortsatt fleire som vil ha sauene sine til fjells. Smalalaget sender 42-45 000 sauer til heia kvar sesong, seier han.

Haga er ein av fleire i Jæren Smalalag som har hatt besøk av både Frøyland og Robberstad.

– Dei har med anna vore med på saueklipping, og dei har tatt kontakt når dei har lurt på noko. Det har vore veldig triveleg å vere ein del av prosjektet, seier han.

Travel småfeklinikk: Første del av utstillinga er ein småfeklinikk der borna kan tre inn i rolla som veterinær. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (delvis skjult) følgjer med.

«Tingrommet»: Siste del av utstillinga er «Tingrommet», der fleire historiske objekt heng til utstilling. 

På lag med smalalaget: Asbjørn Haga, leiar i Jæren Smalalag, er ein av fleire sauebønder som har bidrege til museumsutstillinga.

Stikkord denne saka: