Mindre etterbetaling: Leverandørar til Tine får 43 øre per liter i etterbetaling for 2019-mjølka. Det er 14 øre mindre enn året før.

Betyr årsresultata i Tine og Nortura at samvirkeverksemdene Tine og Nortura si framtid heng i ein tynn tråd?

Sjur Håland

Nei, meiner Askild Eggebø og Willy Finnbakk. Men dei to tillitsvalde rogalendingane understrekar samstundes at samvirka er avhengig av stor eigartilslutning for å vera prisleiande.

– Alternativet til samvirke er forretningsdrift med kapitalavkastning til investorar som mål. Sjå kva som skjer i utlandet. Samvirka taper til fordel for kontraktproduksjon med kjedane. Bøndene må førehalda seg til eit heilt anna prisnivå enn i Norge, seier Eggebø.

Mindre etterbetaling

Eggebø er mjølkeprodusent frå Finnøy. Med åtte år i styret er han ein av veteranane når konsernstyret i Tine samlast rundt styrebordet. Tine slit med redusert konsum av drikkemjølk og auka konkurranse gjennom import av mjølkeprodukt. Driftsresultatet for 2019 er det dårlegaste på ti år. Nedgangen i høve til året før var på 348 millionar kroner. Konsernet betalar ut 43 øre per liter i etterbetaling, som er ned 14 øre frå 2018. Eggebø svarar kontant nei når han får spørsmål om Tine er i trøbbel.

– Me har utfordringar, men Tine er ikkje i noko slags krise i det heile, seier han.

I staden for å krisemaksimera, vil Eggebø heller retta merksemda mot det som er positivt og alt han meiner blir gjort i Tine.

– Det blir gjerne mykje negativ omtale for tida. Det speglar slett ikkje verkelegheita. Det skjer mykje positivt i samvirkeverksemdene i både Tine og Nortura, held han fram.

Landbruket investerer

Han synar til at det blir gjort investeringar rundt om i landet.

– Berre Tine har investert kring 12 milliardar kroner i Norge dei siste ti åra. Mjølkeprodusentane investerer i tillegg eit par milliardar kroner kvart år, med store ringverknadar for blant anna arbeidsplassar og næringsliv i distrikta.

Mjølkepris: Høg mjølkepris er avhengig av at Tine leverer gode resultat, meiner konsernstyremedlem Askild Eggebø. Foto: Olav Håland

Eggebø legg ikkje skul på at det også er utfordringar for både mjølkeprodusentane og Tine.

– Mjølkekonsumet er på veg ned. Dette gir overkapasitet på våre anlegg som genererer ein kostnad me ikkje fort nok greier ta ned. Dermed blir driftskostnadane for høge, seier han.

Den aukande importen, særleg av osteprodukt, som utgjer kring 16.000 tonn årleg, er ein annan trugsel som gir utfordringar med å handtere kapasiteten på Tine sine anlegg. I tillegg bidreg det norske prisnivået til å svekka konkurransekrafta på norsk mjølk.

– Samla for heile den norske mjølkemarknaden har me ein årleg nedgang i forbruket på åtte-ti millionar liter. Det er ei utfordring som kjem i tillegg til dei 100 millionar litrane som skal takast ut på grunn av at eksportstøtta til Jarlsberg forsvinn, seier han.

Irland utfordrar

Det nye meieriet i Irland har gitt uføresette utfordringar.

– I staden for signala ved byggestart som gjekk på at handelsbarrierane skulle byggast ned, pålegg no USA straffetoll til EU grunna usemje om flyproduksjon. Dette vil redusera utbyttet frå Tine sin industriproduksjon i Irland, slik det ser ut no, seier han.

– Du er ein av stemmane frå Vest i konsernstyret. Kva er du oppteken av å formidla når Tine skal legga strategien framover?

– Me er alle opptekne av å sikra konkurransekrafta for den norske mjølka. Det gjer Tine ved å ha ein effektiv industri og ein produksjonskapasitet tilpassa volumet me har for å kunna ta ut høgast mogleg mjølkepris.

Kritisk til konkurransestimulering

Eggebø representerer den delen av landet der mjølkeprisen er mest avhengig av marknaden. Staten har bestemt at det skal vera konkurranse i mjølkesektoren. Bonden er kritisk til at det vert brukt 180 millionar kroner årleg gjennom Prisutjamningsordninga (PU) for å stimulera til konkurranse i meierisektoren. I følgje Finnøy-bonden bidreg dette til å svekka konkurransekrafta for all norsk mjølk.

– Hensikta med dette er ikkje anna enn å flytta volum frå ein aktør til ein annan. Dette er meiningslaust. Nå se det ut som at forhandlingspartene vil ta opp saka. Då er det håp om at ordninga blir endra til beste for norsk mjølkeproduksjon, seier han.

Han er gjerne med på å forsvara at grepet vart gjort i startperioden, då konkurrerande verksemder skulle etablerast.

– Men nå har det gått mange år. Marknaden er endra. Den største konkurrenten har blitt produkt frå utlandet. Nå burde me brukt PU-midlane til å styrka konkurransekrafta til dei norske mjølkeprodukta i butikkhyllene. Det hadde gitt auka moglegheit for mjølkeprodusentane til å ta ut auka målpris framover, seier han.

Må produsera effektivt

Å tilpassa meieristrukturen til dagens behov er ein naudsynt strategi, meiner Eggebø.

Tine har i første omgang varsla at dei vil sjå på meieristrukturen i Troms og Finnmark og anlegget i Sem i Vestfold.

– Tine må produsera meir effektivt, vera fleksible og ta i bruk ny teknikk. Dette gjeld for både tappeanlegg og produksjonsanlegg for faste produkt.

– Er Tine gode nok på sal og produktutvikling?

– Me blir aldri gode nok, men Tine greier stadig å utvikle nye produkt som gir lønsemd. Ei ny avdeling i Tine skal ha innovasjon og digitalisering som hovudoppgåve framover. I tillegg er me medvitne på at folk sine matvaner er i konstant endring. Tine må til ei kvar tid levere produkt som passer for folk i farten.

Fleire til Q

Konkurransen på konsummjølk er sterk i Rogaland, særleg på Jæren. Eggebø ser det ikkje som utenkeleg at fleire mjølkeprodusentar vil gå over til Q framover.

– Men eg håpar folk ser at ein høg mjølkepris er heilt avhengig av at Tine leverer gode resultat. Eg ser at det kan vera freistande å byta leverandør når mjølkeprisen går ned, men det er ein svært kortsiktig strategi. Konsekvensen blir at Tine vil slita meir med å halda mjølkeprisen oppe – også for dei som leverer til Q.

Eggebø er optimist.

– Det har alltid vore noko som har utvikla seg i feil retning, og som har vekt uro. Sjå 25 år tilbake i tid. Trass i alle endringane har me ein stor produksjon og har teke i bruk ny teknologi. For dei som har lyst å driva landbruk framover er det gode moglegheiter for eit godt utkome som mjølkeprodusentar. Men eg trur ikkje me kjem tilbake til dei beste åra med fire øre i omsetningsavgift og 63 øre i etterbetaling.

Nortura på rett veg

Willy Finnbakk har vore bonde i Time kommune på Jæren sidan 1982, og har hatt ulike tillitsverv gjennom det meste av karrieren. Nå er han leiar av arbeidsutvalet i Nortura region Agro på tredje året. Finnbakk kan konstatera at resultatet før skatt i Nortura i 2019 enda på 110 millionar kroner. Det er 84 millionar betre enn året før.

– Fjoråret var året då Nortura har jobba med 2019-årsmøtet sin klare beskjed om å snu alle steinar for å styrka økonomien i selskapet. Då resultatet kom, hadde eg nok håpt på enda større utslag enn det som er tilfelle, seier han.

Mykje positivt

Nortura har kring 5.000 tilsette og ei årleg omsetning på drygt 23 milliardar kroner. Finnbakk, som er ein av dei 18.000 eigarane, meiner at det er mykje positivt som skjer i Nortura, men at det også dukkar opp saker som vippar marginane andre vegen. Han synar til grepa kring inntransporten som eit døme på det som har gitt effekt.

– Styret, administrasjonen og heile tillitsmannsapparatet har vore samde om å rydda og effektivisera inntransporten. Det har vore heilt naudsynt, sjølv om det har vore enkelte protestar. Eg samanliknar slaktebilane med fly. Dei er mest effektive når dei er i lufta. Me må utnytta bilparken maksimalt og halda bilane i drift.

Sparer på inntransport

I regionen som strekker seg frå Telemark til og med Vestland fylke utgjorde innsparing i inntransporten dei siste fire månadane i fjor 64.000 kilometer.

– Det betyr 6.500.000 kroner spart med enkle grep berre i Vest, seier Finnbakk.

Anleggstrukturen har skapt debatt. Vedtaket om nedlegging av Nortura sitt anlegg på Otta sette sinnene i kok hjå mange Nortura-eigarar.

– Nortura har ulemper grunna mange anlegg som har blitt med gjennom åra etter kvart som Nortura har vakse. Etter kvart gir den stadige effektiviseringa linjer og anlegg til overs. Skal me bli effektive må me nytta kapasiteten optimalt, meiner Finnbakk.

Steinsnuing: Kvar stein skal snuast for å betra økonomien i Nortura, meiner AU-leiar i Nortura region Agro, Willy Finnbakk, her ved steingarden heime på Løge i Time.

Bøndene applauderer

– Er konkurransen med dei private slakteria eit problem? Du ville vel likt best om alt slaktet gjekk gjennom Nortura?

– Eit sterkt Nortura er med på å halda prisane oppe. Argumentet frå dei som leverer til private er nokre kroner ekstra for slaktet. Mitt motargument er at om eit svakare Nortura må akseptera ein lågare pris, går utbetalingsprisen ned hjå alle. I motsetnad til andre mat- og drikkevarer har kjøtvarer, i følgje Finnbakk, hatt ein realprisnedgang på 23 prosent sidan 2009.

– Dette har skjedd samstundes med at Nortura har mista marknadsdeler. Talet illustrerer viktigheita av å stå saman om eit sterkt Nortura, seier han.

Bonden meiner Nortura si rolle i marknaden blir sett og applaudert av svært mange bønder.

– Likevel vel dei å levera slaktet der dei meiner å få høgare oppgjerspris. Kurven visar at oppgjersprisane for våre produkt går ned. Det er eit problem for heile den norske bondestanden at me ikkje lenger greier å halda saman for å pressa kjedene og halda prisane oppe.

Står bak endringsstrategiane

Finnbakk erfarer at Nortura sine medlemmar i hans region stiller seg bak konsernet sine endringsstrategiar for å styrke økonomien.

– Administrasjonen og styret har stor tillit hjå oss. Det er ikkje snakk om at det er dei andre som gjennomfører grepa. Me bidreg alle i hop på kvar vår måte. For oss bønder handlar det om til dømes rette innmeldingar og betre orden på merking av dyr. Alt som kan laga rusk i maskineriet blir rydda opp i. Kontakten mellom dei ulike kretsane har blitt tettare som følgje av innsatsen, meiner Finnbakk.

– Me har fått fleire treffpunkt og ei større forståing for dei ulike tiltaka ute hjå grasrota. Det gir resultat. Problema med feilmerking av dyr er redusert med tretti prosent etter at me retta merksemda mot problemet i fjor.

Definitivt eigarstyrt

– Kva tenkjer du om Nortura si framtid?

– Det positive er at så lenge det finns folk, trengs det mat. Dei som trur at dei kan bu på denne kloden og greie seg utan mat, har gløymt noko vesentleg.

Kjøttrenden er han ikkje så redd. Finnbakk meiner at når folk har spist grønt ei tid, blir dei kjøtsvoltne.

– Me kan nok få ein reduksjon i forbruket, men det er ingen katastrofe, særleg i lys av at det har vore ei betydeleg auke i kjøtforbruket siste åra. Me må tåla ei lita justering.

– Du kjenner Nortura-organisasjonen like til topps. Kven er det som til sjuande og sist styrer den store skuta?

– Nortura er definitivt eigarstyrt. Avstanden frå grasrota til toppen er berre nokre få tastetrykk. Eg opplever at me som er tillitsvalde på ulike nivå er tett på dei som har ansvaret for den strategiske styringa av selskapet.

Stikkord denne saka: