Bonde mot bonde: Nils Are Hatteland meiner NLR presser kvoteprisane med måten dei formidlar leigekvotar på. – Gjennom tekstmeldingar blir me oppmoda til å by over kvarandre for å få tak i kvote. Det er ville vore meir redeleg om me bønder avtalte leige av kvote privat, ansikt til ansikt, seier bonden. Foto: Sjur Håland

Nils Are Hatteland er svært kritisk til NLR si rolle som kvotebørs i Rogaland. – Det presser kvoteprisane. NLR skal leve av aktive bønder, ikkje dei passive, seier bonden.

Liv Kristin Sola

Nils Are Hatteland meiner NLR skulle halde seg unna avtalar om kvoteleige og at avtalane skulle vore gjort privat, frå bonde til bonde.

– Å sjå kvarandre i auga når me avtaler kvote og pris, det hadde gjort noko med prisnivået, meiner Hatteland.

Bonden driv med mjølk og smågrisproduksjon på Kvia i Hå kommune i Rogaland. Han etablerte samdrift og bygde lausdriftsfjøs i 2007. No driv han enkeltmannsføretak. Han eig 380 tonn av kvoten han disponerer på 707 tonn. Resten leiger han av tre tidlegare samdriftspartar.

– Eg kjøpte litt kvote dei første åra, då prisane var på eit edrueleg nivå. No er det heilt uaktuelt, seier han.

Les NLR sitt svar under.

Presser på prisane

På eit tidspunkt var mjølkekvoten på 886 tonn, men den eine leigeavtalen vart ikkje fornya. Hatteland melde si interesse hjå NLR for å erstatte noko av kvoten.

– Eg hadde bestemt meg for kor langt eg ville gå og vart provosert då eg vart beden om å by høgare. Det var andre som var villige til å betale meir, fekk eg høyre, seier Hatteland.

Han takka nei, både av økonomiske årsaker, men også av respekt for dei tre andre som han har avtale med.

– Prisane er justert opp noko i løpet av åra, men alle tre avtalane er identiske – og edruelege, for begge partar, seier Hatteland.

Han meiner det er umogleg å tene pengar på leigekvotar gitt dagens prisnivå.

– Hadde du gått på jobb om alt du tente gjekk i lomma på andre? spør Hatteland.

Bonden minner om at ein stor del av mjølkekvotane blir produsert av andre enn dei som eig kvota, i passiv samdrift eller kvoteleige. Talet berre aukar. Han meiner trykket ikkje lenger kjem frå dei store, men frå mindre bruk som vil investere og for å investere må dei bli større. Då treng dei kvote.

– I dagens situasjon trur eg mange hadde hatt like god økonomi med lågare yting og fleire kyr. Denne bobla vil sprekke ein dag, og kan ta med seg heile kvoteordninga. Det treng ikkje bli lenge til, seier Hatteland.

Kan skulde seg sjølv

Hatteland går langt i å gi dei aktive bøndene sjølve ansvaret for dei høge kvoteprisane.

– Me bønder er som ein saueflokk. Me er eit lett bytte. Om me gjekk i lag og boikotta kvotebørsar som melkebørs.no og NLR si kvoteomsetting, kunne me stoppa dette ganske effektivt ved å la vere å by, seier han.

Bonden klandrar ikkje dei som skal selje for å ønske seg ein best mogleg pris for kvoten.

– Dei gjer ingenting gale, men me er mange som har gjeld så høg at me knapt veit kor me skal snu oss. Held det fram slik er det mange som vil brenne seg – skikkeleg, fryktar bonden.

Han meiner NLR gjer det enklare for dei som leiger, ved at dei skapar avstand mellom kjøpar og seljar, og pressar opp prisane gjennom bodrundar.

– NLR skulle aldri ha blanda seg inn i dette. Dette tener berre dei passive bøndene, seier Hatteland.

– Me bønder vil få eit alvorleg forklaringsproblem overfor forbrukar når me skal argumentere for høgare mjølkepris, når faktum er at nærare éin milliard kroner går rett ut av næringa gjennom kvoteordninga, seier han.

Marknaden styrer kvoteprisane

NLR Rogaland har i mange år vore den dominerande aktøren for formidling av kvotar i fylket. – Eg trur ikkje prisane hadde vore lågare om det var andre som gjorde jobben, seier styreleiar Arnstein Røyneberg.

Liv Kristin Sola

– Det ligg sprengstoff i kvotedebatten. Ingen mjølkebønder kan vere nøgd med dei høge prisane som råder i marknaden. Men når det gjeld NLR si rolle som kvoteformidlar får me både positive og negative tilbakemeldingar. I sum meiner eg det er eit godt tilbod, seier Arnstein Røyneberg, styreleiar i NLR Rogaland.

Han har ikkje mange månadars fartstid som styreleiar, men som mjølk- og kjøtprodusent i Sola i Rogaland, er han godt kjend med kampen om mjølkelitrane. Som Hatteland, viser også Røyneberg til at det ikkje er dei store som dominerer kvotemarknaden, men mindre bruk som blir pressa ut i marknaden for å bli store nok til å forsvare ei investering.

– Me må ikkje gløyme at dette handlar om politikk. Heilt overordna trur eg det er eit gode for næringa med flytande kvotar. Spørsmålet er korleis me kan gjere ordninga meir berekraftig for å unngå at næringa vert tappa for enorme summar kvart år, seier Røyneberg.

Ingen kjære mor

Det var Jæren Maskinring som på oppmoding frå bøndene tok ei aktiv rolle som kvoteformidlar då det vart opna for sal. Etter kvart overtok Jæren Forsøksring (no NLR Rogaland). Då det vart opna for leige av kvotar vart det ein del av tilbodet.

– Det er mykje arbeid og mykje ansvar. Ein feil kan få vanvittig store konsekvensar, og det er bonden som må leve med konsekvensane om noko er feil, seier Røyneberg.

Arnstein Røyneberg

For å reduserer denne risikoen har NLR kvalitetssikra avtalane juridisk.

– Me har solid kompetanse på området. Det opplever eg at bøndene setter pris på. For du tuller ikkje med regelverket eller fristane til direktoratet. Her finst ikkje slingringsmonn, seier Røyneberg.

Kjem næringa til gode

Styreleiaren innrømmer at kvoteformidlinga er oppe til diskusjon i styrerommet med jamne mellomrom.

– Kvoteprisane er ei utfording, men eg trur ikkje prisane hadde vore lågare i eit pressområde som Rogaland, om det var andre aktørar som stod for formidlinga, seier Røyneberg. Han kjenner seg ganske sikker på at om NLR trakk seg ut, ville private aktørar overteke marknaden.

– Eg meiner det er bra at det er landbruket sjølv som leverer denne tenesta, at pengane går attende til landbruket, seier han. Røyneberg har merka seg at høge prisar ikkje er unikt for Rogaland. Situasjonen er lik i andre regionar der mange vil satse og investere.

– Igjen, dette er brennheit politikk, seier han.

Opp til bonden sjølv

– Den største kritikken mot NLR er at dei er prisdrivande, kva tenker du om det?

– Det er marknaden, dei som etterspør kvote, som bestemmer prisen, seier styreleiaren.

Han minner om at det er to ting bøndene sjølve bestemmer: Prisen på jord og prisen på kvote.

– Hadde ingen bydd over det dei meiner er rett pris, hadde me klart dette. Men me bønder klarer ikkje det. Det er vårt dilemma, seier Røyneberg.

Han ber bøndene vurdere om dei har andre alternativ til å auke innteninga på bruket utan at dei må kaste seg inn i kvotesirkuset.

– Har de vurdert eit pristak?

– Ikkje så langt eg er kjent med. Utfordringa er at me speler oss sjølve ut på sidelinja og opnar for private aktørar. Det er ingen tente med, heller ikkje dei aktive bøndene, seier Røyneberg.

Fakta om kvoteomsetning

Ordninga for kjøp og sal av mjølkekvotar vart innført i 1997. Tal på bruk som har selt kvote har vore synkande sidan år 2000. I fjor var det 609 produsentar som selde 53 millionar liter kumjølkkvote. Kvoteleige vart innført i 2008, med verknad frå 2009. I år er det 7.424 kumjølkprodusentar her til lands som i sum disponerer eit volum på 1,7 mill. liter. Det er 3.782 føretak som heilt eller delvis leiger ut kvote og 2.982 føretak som leiger kvote. Totalt er 338 millionar liter grunnkvote disponert av andre enn dei som eig kvota.  

Kumjølk i Rogaland 2020

I Rogaland har 1.127 føretak ein samla disponibel kvote på 303 mill. liter. Det utgjer 17,8 prosent av landskvoten på kumjølk. I snitt disponerer dei aktive føretaka i fylket ein kvote på 269 tonn. I 2020 er det 634 føretak som leiger ut grunnkvote til 501 føretak. I sum er det 71 mill. liter leidd ut til andre enn dei som eig kvota. Det utgjer 23,5 prosent av den totale disponible kvoten i fylket. I vårens oppkjøpsrunde kjøpte staten ut 5,4 mill. liter i Rogaland. Det er 76 prosent av avsett mengde på 7,1 mill. liter. Tala er avrunda.

Kjelde: Landbruksdirektoratet

Stikkord denne saka: