Sloss for jorda: Anne Frøyland Grødem fekk jordvernprisen av Olaf Gjedrem under årsmøte i Jordvernforeninga i Rogaland 24.mars. Foto: Jordvernforeningen i Rogaland

Jordvernforeninga i Rogaland gir pris til bonde som vel jorda si framfor 150 millionar kroner.

Bothild Å. Nordsletten

Anne Frøyland Grødem vart kjent landet over då Nationen rundt juletider fortalte at ho hadde takka nei til 150 millionar kroner frå utbyggjarar som vil nytta jorda hennar i Time kommune på Jæren til datasenter.

– Det er gildt å bli sett pris på og å sjå at kampen, og alle timane eg legg ned, fører til stor politisk diskusjon, seier prisvinnaren til Bondevennen.

– Samstundes er det vanskeleg å ta inn over seg at eg fortener dette, no når eg står oppi det. F

røyland Grødem fortel at kommunens planar om store datasenter på 2000 mål jordbruksareal og natur set sitt preg på kvardagen.

– Ja, saka har prega meg sterkt sidan eg først høyrte om planane under eit infomøte i desember 2019. Det ligg i pannebrasken alle vakne timar i døgnet.

Sterk forvaltarinnstilling

Olaf Gjedrem, leiar av Jordvernforeninga, seier følgjande om kvifor Frøyland Grødem fekk prisen.

– Det står respekt og beundring av Anne sin kamp for å prøva å stoppa eit massivt angrep på landbruksjord på Kvernaland frå Time kommune og sterke utbyggingsinteresser med vage prosjektplanar. Ho er ei viktig drivkraft i «Vern Kvernaland», som vil hindra nedbygging av viktige landbruksareal i Norges viktigaste matfat. Med sitt nei til opsjonsavtale på store beløp, syner ho ei sterk forvaltarinnstilling, der jorda skal reddast for matproduksjon for ei aukande befolkning. Anne er framtidsretta og modig som står mot eit vanvitig press for å overkøyra jordvernet. Jordvernforeninga håpar at hennar og mange andre sin kamp mot nedbyggingskreftene skal lukkast. Det har me stor tru på.

Kampen for matjorda i Time kommune er ikkje over. Ein viktig milepæl blir formannskapet si handsaminga av planane for datasenter 27. april. Frøyland Grødem seier at prisen ho har fått, motiverer.

– For oss som sloss for jorda, er det viktig med slike prisar, fordi saka vår då blir kringkasta. Me får meir energi til å halda fram. Og eg gir ikkje opp.

Stikkord denne saka: