Jul på Øksnevad

Anna Tangen Aarskog (17) (t.v.) og Tuva Øsebakk (17) garanterer julestemning under “Jul på Øksnevad” søndag.

Søndag 6. desember inviterer elevane til  “Jul på Øksnevad”. Dei garanterer julestemning.

Jofrid Åsland

– Det er veldig kjekt å vere ein del av ein juletradisjon, seier Ida Marie Evensen Jonassen (17).

Saman med klassevenninnene lagar ho klar musikken som skal sette prikken over julestemninga under arrangementet “Jul på Øksnevad”.

Det er hovudsakleg elevane ved VG2 som står for arrangementet, som er organisert som ei elevbedrift. Målet er at elevane skal lære meir om korleis ein kan skape aktivitet og tilleggsnæringar på ein gard. Det er elevane sjølv som står for alt frå planlegging til gjennomføring.

Jul på Øksnevad

(F.v.) Elisabeth Vikan Hoem (17), Isa Marie Evensen Jonassen (17) og Hanna Rodal (17) lager klar speleliste med julemusikk, sjølvsagt.

Arrangementet er særleg populært blant småbarnsfamiliar.

På agendaen står:

  • Utstilling av dyr
  • Hopping i høyet
  • Pynting av hestesko
  • Kafé med mellom anna: Graut, kaker, saft, julebrus
  • Snikkarverkstad
  • Riding og køyring med hest
Jul på Øksnevad

Det blir kafé med mellom anna: Graut, kaker, saft og julebrus.

Ein tradisjon

Det er fremte året på rad “jul på Øksnevad” blir arrangert.

– Det blir garantert julestemning, seier Anna Tangen Aarskog (17).

– Dette blir ei kjekk erfaring. Det er også kjekt at me gjennom arrangementet får samla inn pengar til skuleturen vår, seier Tuva Øsebakk (17).

Tuva og Anna går begge på hestelinja, og skal naturleg nok bidra med å leie hestar under arrangementet.

Elevane har avtale med Nissen om at han skal komme innom og helse på alle snille barn på Øksnevad søndag.

Jul på Øksnevad

  • Stad: Øksnevad vidaregåande skole
  • Tid: 6. desember klokka 13-17
  • Pris: 200 kroner for familie, og 50 kroner per person
Jul på Øksnevad

Julestemninga byrjar allereie ved vegen.

Stikkord denne saka: