Fleire kvigekalvar: Tine treng meir sommarmjølk og Geno kvitterer med kampanjeprisar på kjønnsseparert sæd frå 1. mai. Sjåfør på sædruta på Særheim, Gøran Christiansen, har fylt opp bilen med tilbod til sør- og vestlendingar.

Frå første mai vil Geno tilby både RedX (kjønnsseparert sæd) og embryo til reduserte prisar.

Liv Kristin Sola

– Målet er å få fleire kvigekalvar i sommarperioden for på sikt å auke mengda sommarmjølk, seier Hans Storlien, marknadssjef i Geno.

Ei jamnare mjølkekurve er viktig for Tine, men også for Geno er det ønskeleg med eit jamnare sal av dosar gjennom året.

Mange nye oksar

– Ved å tilby både RedX og embryo til kampanjepris håper vi å bidra til å dra opp både kvaliteten og mengda på sommarmjølka, seier Storlien.

Kampanjeperioden vil gå frå 1. mai til 15. august, både for RedX og for embryo. Prisen for RedX blir redusert med hundre kroner frå opprinneleg pris. For embryo er rabatten på 500 kroner.

– Alt av RedX som er for sal er produsert etter at vi dobla tal på spermiar i dosane. Alle dosane etter den første produksjonen er kassert, seier marknadssjefen.

Bestill eigne dosar

Storlien melder om at nye eliteoksar blir tilgjengelege frå 28. mai. Av tretten nye oksar er åtte av dei å få som RedX (kjønnsseparert).
Kor stort utval av oksar kvar enkelt inseminør og dyrlege har i dunkane sine, ikkje minst av RedX, har ein samanheng med etterspurnaden frå bøndene i området. Geno har oversikt over kva som er sendt ut til inseminørane slik at avlsrådgivarane skal kunne lage ein avlsplan basert på oksar som er tilgjengeleg i ditt området.
For bønder som vil sikre seg spesielle oksar, tilrår Storlien å gå inn i nettbutikken og bestille direkte. http://www.oksekatalogen. no/
Har du ikkje eigen dunk får du bestillinga di på dunken hjå inseminøren.
Dei nye oksane vil bli tilgjengeleg for bestilling på nett frå 1.mai. Bestillingsfrist er åtte dagar før rutestart for å sikre at dosene kjem til Særheim på Klepp tidsnok til sædruta startar opp.

Tidspunkt for sædruta for sør- og vestlandet i kampanjeperioden:
Frå Særheim og sørover til Agder og Telemark: veke 19 og 28.
Frå Særheim og nordover til Vestland nord til Sognefjorden: veke 20 og 29.

Stoppestader og tidspunkt for sædruta kan de finne på Geno sine nettsider.

Tips ved bruk av kjønnsseparert sæd

Storlien trekker fram tre ting som er viktige for å få kalv i kyr og kviger, spesielt ved bruk av kjønnsseparert:

  • Tydelig og god brunst. Ha kontroll på blod.
  • Ikkje inseminer for tidleg i brunsten. Ha litt is i magen.
  • Når inseminøren kjem må du ha dyret klar slik at det går kortast mogleg tid frå tining til inseminering.

Ei viktig påminning til eigarinseminørar er å unngå temperaturdrop på strået frå tining til inseminering. Heilt optimalt skal strået halde same jamne temperatur (ikkje under kroppstemperatur), frå tining til innlegg.

– Derfor er tida her så avgjerande, seier Storlien.

«Gratis» embryo i sommar

I kampanjeperioden vil innlegg av embryo bli redusert med 500 kroner.

– Det vil i praksis seie at du får embryoet gratis og betaler for innlegg og køyring, seier Storlien.

Utan rabatt er prisen på embryo på 500 kroner pluss innlegg på 1000 kroner. Køyring kjem i tillegg.
Storlien kan også freiste med ei pakkeløysing for embryo, til fastpris. Ved kjøp av fire embryo er vanleg pakkeprisen på 1375 per embryo, totalt 5500 alt inkludert. Med kampanjerabatten blir kostnaden redusert til 3500 for ei pakke på fire embryo. Då er køyring inkludert i pakkeprisen.

Stikkord denne saka:
Share This