BN+

Familien Hustoft: Frå venstre: Aksel, Solveig, Ståle, Lars og Åsne med Selma i bereselen. Åsne og Ståle er opptekne av å gi barna positive opplevingar i kvardagen sjølv om bondelivet av og til kan vera krevjande for dei vaksne. Privat foto.


Grina eller le? – Akkurat i desse dagar er det ein hårfin balansegang mellom å framsnakka alt det kjekke med kvardagen som bonde og å snakka sant om økonomien i landbruket, seier bonde Ståle Hustoft.


Sjur Håland


I eit innlegg på Facebook skriv Hustoft at han er trygg på at sutring og klaging rundt kjøkkenbordet er like øydeleggjande for rekrutteringa til landbruket som resultatet av jordbruksoppgjeret.


– Vent litt, eg må berre koma meg under tak, seier Hustoft, når Bondevennen ber om ei forklaring per telefon.


Om januardagen er sur, kan neppe det same seiast om bonden og firebarnsafaren frå Nedstrand i Tysvær. Hustoft nyttar ledig tid mellom stelleøktene til å bygge leikehytte til dei fire barna, som er i alderen mellom eitt og sju og eit halvt år. Han har også tid til å skriva i «Fjosboka på Hustoft». På Facebook.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.