Klar for vår: Geir Paulsen, avdelingssjef såvarer i FKRA, syter i desse dagar for å forsyna bønder i Rogaland og Agder med det dei treng av frøvarer. På hovudlageret står pallar og sekker i kø.

Tonnevis med frøblandingar står klare til å bli sendt ut til våryre bønder.

Jane Brit Sande

Det merkast at vintermånadane er på hell hjå Geir Paulsen, avdelingssjef såvarer i FKRA, og kollegaane hans. Tonnevis med frøblandingar er gjort klar og fleire skal blandast før dei blir sendt ut til våryre bønder i heile Rogaland og Agder.

– Me er klar for våronn, erklærer Paulsen.

Raigras i vekst

For det meste lagar dei raigras- og timoteiblandingar. Dei siste åra har det vore ei auke i salet av raigras, og er no nærmare 50 prosent.

– Om me sel mest raigras- eller timoteiblandingar, har gått i bølgedalar. Etter fleire milde vintrar, slik som no, overlever raigraset og ein er tidleg i gang med våronna. Då går det meir raigras enn om vinteren er kald og raigraset går ut. Raigras gir gode avlingar av god kvalitet, seier Paulsen.

Kva grasfrøblanding bonden vel, er avhengig av kva drift ein har, og kor garden er plassert, seier han.

– Bønder i kystnære strok vel oftast raigras, då klimaet er mildare her, seier Paulsen.

Så langt er 80 tonn med den mest populære raigrasblandinga Spire surfôr pluss 100 gjort klar. Meir blir laga viss det er behov.

– Dei to timotei-baserte blandinga me sel aller mest av, er Spire surfôr normal og Spire surfôr pluss 10, seier Paulsen.

Blander og pakkar: Gunnar Bore har dreisen på alt som skal gjerast i blanderiet og pakkeriet. På denne arbeidsstasjonen pakkar han sekker med ferdige blandingar. Hørselsvern er ikkje naudsynt når han berre skal fotograferast.

Produserer og blander sjølv

Både norskproduserte og importerte såkorn og såfrø er med i blandingane. Eit knippe bønder på Jæren og i Grimstadområdet produserer timotei, engsvingel og raigras, og bygg og havre på kontrakt til FKRA. Frøblandingane står FKRA for sjølv.

– Det finst berre to andre frøblanderi i landet, og dei er begge på Austlandet, seier Paulsen.

Stort sett handlar bønder standard frøblandingar som er etter FKRA sine eigne reseptar. Men somme vil bestemma sjølve.

– Me lagar omtrent ti slike gardsblandingar, som me kallar dei, kvar sesong. Eit tilbod me kan ha, sidan me blandar sjølve. Har me råvarene, kan me laga blandinga. Så enkelt, seier Paulsen.

Klarer å levere

Paulsen fortel at dei har bra lager av såvarer, med så å seie alle råvarene på plass.

– Me er i stand til å produsere alt me treng til våronna, seier han.

Stoda med korona-viruset gjer at han har tenkt litt ekstra på moglege hindringar på vegen.

– Me produserer jamleg, og har ein beredskapsplan i tilfelle sjukdom, seier Paulsen.

Raigras og timotei: FKRA sel mest raigras og timotei (bilete av bittesmå «kulefrø»). Dei siste åra har det vore ein auke i salet av raigras. Den mest populære grasblandinga, er raigras-baserte Spire surfôr pluss 100.

Nye blandingar

FKRA tilbyr elles eit breitt spekter av frøblandingar. Ein ny denne sesongen, er tørkesterke Spire Strandsvingel.

– Denne blandinga gir gras med meir fiber og struktur, samanlikna med til dømes raigras. Blandinga gir eit høgt avlingsnivå, men med ein litt lågare fôrkvalitet. Det gjer at den er god til blant anna ammeku, seier Paulsen.

Etterspør blomsterfrø

Paulsen registrerer at frøblandingar med blomstereng, primært til hage, er stigande i popularitet.

– Dei ivrigaste har allereie vore på tråden og etterlyst dei, seier han.

Paulsen trur at ordninga med tilskot for tiltak som legg til rette for pollinerande insekt, er med og lokkar bøndene til «å bløme».

– Frøblandingane er på veg, lovar Paulsen.

Stikkord denne saka: