Livet i landbruket: Ragnvald Gramstad (t.v.) og Sjur Håland (t.h.) har mange gode historier og tips på lager frå eit langt liv i landbruket. Denne veka høyrer du dei i Bondevennen podcast saman med Jofrid Åsland Gilje (midten). Foto: Pål Espen Vik Kilstad

Livet i landbruket: Ragnvald Gramstad (t.v.) og Sjur Håland (t.h.) har mange gode historier og tips på lager frå eit langt liv i landbruket. Denne veka høyrer du dei i Bondevennen podcast saman med Jofrid Åsland Gilje (midten). Foto: Pål Espen Vik Kilstad

PODCAST:

Kvifor landbruk?

9. oktober 2026 | Aktuelt, Podcast

Denne veka høyrer du frå to kjende karar som har via livet sitt til landbruket på ulike vis.

Mange kjenner han som journalist i Bondevennen gjennom mange år, men han forstod nokså seint at han faktisk kunne skrive. Først var han nemleg bonde i 20 år. Nå skal han snart pensjonere seg, og det passer fint å sjå både framover og bakover. Bondevennen sin eigen Sjur Håland deler erfaringar i podcasten denne veka.

ANNONSE

Ein annan kar som har via heile arbeidslivet til landbruket og bøndene er Ragnvald Gramstad. Han har vært ein kjent figur i Bondevennen sine spalter gjennom heile karrieren. Han har jobba som rådgivar. Nå er han eigentleg pensjonist, men engasjementet har han framleis.

Kva er det med landbruket som er så fasinerande? Og kva er dei største endringane gjennom eit heilt arbeidsliv? Med Bondevennen på øyra får du både tips, gode råd og historier om det som ikkje gjekk etter planen frå Ragnvald og Sjur i samtale med Jofrid Åsland Gilje.

Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.

Du finn podcasten Bondevennen, inklu­dert det store arkivet med tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.

Bondevennen nr 17
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 9. oktober.

Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!

Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.