• Ester Haugland opna igjen fjøsdørene for nyfikne niandeklassingar på Frøyland Ungdomsskule.

 

Det er ikkje fyrste gong Time Bondelag inviterer kommunen sine niendeklassingar på gardsbesøk.

 

Jane Brit Sande

 

Det var Frøyland skule sine elevar som hadde tatt syklane fatt denne gråvêrsdagen. Hjå Ester Haugland, Kvernaland, vart både kyr, kalvar og stutar vart vitja av ivrige ungdommar. I tillegg hadde Ester laga til eit rebusløp der dei fekk trimma dei små grå.
– Eg gjer dette fordi eg har lyst å visa korleis det er på ein gard. Det er ikkje lenger slik at alle har ein gard i familien, om det er foreldre eller besteforeldre som driv. Eg vil at dei skal oppleve å sjå, lukte og kjenne på dyra, seier Ester.
– Fleire av dei er ikkje kjende med gardsdrift, det merkar me godt.
Då Time bondelag starta tradisjonen med gardsbesøk i kommunen, hadde Ester allereie opna fjøsdørene for nyfikne ungdommar fleire gonger.
– Det starta då ungane våre var i den alderen. Eg oppdaga det var fleire av klassekameratane som var heilt framand for livet på garden, og inviterte klassane på besøk. Sidan har eg gjort det, og lærarane gler seg minst like mykje som elevane, smiler bonden.

Fin sommarjobb

– Dette har vært ein veldig kjekke dag, skryt Karoline Johansen, Johanne Njærheim, Silje Lian, og Kamilla Efteland Johansen.
Jentene fortel dei har vore på gardsbesøk og sett dyra før, men likevel hadde dei nokre førstegongs-opplevingar. Dei hadde aldri vore med å mjølke ei ku, og heller ikkje hadde dei smakt den spene-ferske mjølka.
– Den var varm, og ettersmaken var annleis enn det me er vane med. Kua hadde kalva for ikkje så lenge sidan, så det var meir feitt i denne mjølka, enn den me får i butikken.
Rebusløpet vekka stor iver blant niendeklassingane. Sjølvsagt er det om å gjere å vinna, i alle fall når det vankar premie i sjokoladeform.
– Me kom på fjerdeplass, fortel jentene.
– Rebusløpet var første stopp for vår del, så det var mykje me måtte gjette på, men som me fekk svaret på når me var i fjøsa.
– Verker det kjekt å jobbe på ein gard?, lurer sjølvsagt Bondevennen si utsending på.
– Det er sikkert ein kjekk sommarjobb. Det kjekkaste var kalvane, dei andre store dyra var liksom så store.

Stikkord denne saka: ,