Planen til sauebonde Kåre Førde var å pensjonera seg. Han har hatt sau på garden i mange år, men i fjor var tida inne for å gje seg som aktiv bonde. Han selde sauene og lamma, men såg med vemod på at det ikkje lenger skulle vera liv og røra i sauehuset når våren melde seg.  Ein telefonsamtale og eit spørsmål frå tidlegare kollegaer snudde opp ned på desse planane. I dag gir Kåre kost og losji til kopplamma i bygda.

Kåre Førde smiler gjestfritt og trives godt med at fjøset er fylt opp med ullkledde små, svoltne gjester.

Kåre Førde smiler gjestfritt og trives godt med at fjøset er fylt opp med ullkledde små, svoltne gjester.

 

No får han brekande tilrop når han tar turen innom hotellet for å sjekka at gjestene har det bra. Sauebøndene er trygge for at lamma får det beste stellet.

No får Kåre brekande tilrop når han tar turen innom hotellet for å sjekka at gjestene har det bra. Sauebøndene er trygge for at lamma får det beste stellet.

"All inclusive"…. Hjå Kåre har kopplamma fri tilgang til mjølk, kraftfôr, grovfôr og vatn.

«All inclusive»…. Hjå Kåre har kopplamma fri tilgang til mjølk, kraftfôr, grovfôr og vatn.

Mjølk får dei frå automaten som blandar pulver og vatn, og fôrer ut passe varm mjølk i passe mjuke smokkar.

Mjølk får dei frå automaten som blandar pulver og vatn, og fôrer ut passe varm mjølk i passe mjuke smokkar.

Minstelammet, med store forventningar til livet.

Minstelammet, med store forventningar til livet.

Eg kjenner på magane på lamma, om dei er mette og gode. Eg tek ein runde med ei flaske og gjer litt ekstra til dei som eg er i tvil om, dei som er litt små, smiler Førde lurt. Her får han hjelp frå kollega Jan Martin Kjærstad.

– Eg kjenner på magane på lamma, om dei er mette og gode. Eg tek ein runde med ei flaske og gjer litt ekstra til dei som eg er i tvil om, dei som er litt små, smiler Førde lurt. Her får han hjelp frå kollega Jan Martin Kjærstad.

Det var langt frå fullt belegg på hotellet den dagen Bondevennen var på besøk. Men dei som var der visste å nyta livet.

Det var langt frå fullt belegg på hotellet den dagen Bondevennen var på besøk. Men dei som var der visste å nyta livet.

Hotelldirektøren har full kontroll i den viktige jobben. Ein bonus er at Kåre har tid til “Det lille ekstra”.

Hotelldirektøren har full kontroll i den viktige jobben. Ein bonus er at Kåre har tid til “Det lille ekstra”.

 

 

 

 

 

 

Stikkord denne saka: