BN+

Oransje: To blad Underhaug konstaterer at avlessarvogna har fått tilbake den opphavlege fargen og logoen. Ole Terje t.v og Henrik Underhaug ser framtidsmoglegheiter med den ikoniske vogna. Første modellen vart teken i bruk i 1977.


Mange godt vaksne bønder med grasproduksjon på bruket har si eiga historie å fortelja om då dei fekk den første avlessarvogna til gards.


Sjur Håland


Den legendariske avlessarvogna frå Underhaug, utvikla i si tid av Erling Røyneberg, representerte eit aldri så lite tidsskifte for bøndene her til lands. Då prototypen vart demonstrert i 1977 vart skepsisen mot å erstatta tilhengaren med tilhøyrande graskarmar raskt lagt til sides. Grasrivaren og kastevalsen på nyvinninga til Underhaug både letta og effektiviserte haustearbeidet. Farfar til Henrik, Ole Terje Underhaug, er ein av dei tidlegare leiarane av Underhaugverksemda. Veteranen fortel at fabrikken i 1978 produserte 64 vogner. Tre år seinare var produksjonen oppe i nær 1.400 vogner.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

Kjøp abonnement her

Allereie digital abonnent?
Logg inn her

Sjå veiledning for korleis du bytar passord.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.

Stikkord denne saka: