Grønare: Andreas Aukland er MDG sin stortingskandidat for Rogaland. Partiet vil «snu utviklingen og føre en politikk for flere bønder, ikke færre, med mindre stress<br />
og press for både bonde og dyr, flere dyr på beite og mer bruk av norsk fôr i stedet<br />
for importert.» Foto: MDG

Grønare: Andreas Aukland er MDG sin stortingskandidat for Rogaland. Partiet vil «snu utviklingen og føre en politikk for flere bønder, ikke færre, med mindre stress og press for både bonde og dyr, flere dyr på beite og mer bruk av norsk fôr i stedet for importert.» Foto: MDG

PODCAST:

Mdg til gards

29. august 2025 | Aktuelt, Podcast

Miljøpartiet dei grøne vil ha ein grønare jordbrukspolitikk. Men vil bøndene ha den?

Mdg er eit parti som vekker sterke kjensler med sitt sterke klimaengasjement. Dette tar ofte merksemda bort frå partiet sin jordbrukspolitikk, sjølv om dei to så klart heng i hop. Så kva går jordbrukspolitikken deira eigentleg ut på?

Høyr Bondevennens Jenny Kleppe og Bjørn Lende spørja ut partiet sin førstekandidat frå Rogaland, Andreas Aukland i vekas ferske podcast. Aukland er frå eit småbruk i Tysvær, og trass sine unge 22 år har han alt rukke å arbeida i butikk, i oppdretten, oljå’, Barnevernet – og som avløysar. Han sit også i sentralstyret for Grøn Ungdom.

Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet, Jæren Sparebank og Rogaland Fylkeskommune.

Du finn denne nye episoden, inkludert det rikhaldige arkivet over tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.

Stikkord denne saka: