BN+

Tid for endring: - Me må tilpassa jorda til dei klimaendringane me har skapt, seier den tyske professoren Peter Schröder, her på besøk i ein av forsøksfelta til NIBIO Særheim på Jæren.


Det hastar med å finne ein middelveg mellom økologiske og konvensjonelle dyrkingsmetodar, seier den tyske biologiprofessoren Peter Schröder.


Bothild Å. Nordsletten


Peter Schröder viser eit power point-bilete av den store, eksperimentelle klostergarden utanfor München, som han jobba på i over 20 år. Før omlegginga til meir bærekraftige dyrkingsmetodar sleit benediktinarmunkane med utarming og erosjon av opptil 30 tonn matjord kvart år, forklarar han. I dag driv dei eit fruktbart, økologisk mønsterbruk med tusenvis av nyfikne besøkande kvart år.
Til dagleg har Schröder sitt virke ved HelmholtzZentrum München, ein av dei største forskingsinstitusjonane i Tyskland. Bondevennen treff han under eit jordseminar i regi av NIBIO på Landbruksparken på Særheim. I rommet sit fleire kollegaer som alle er involvert i INTENSE, eit europeisk prosjektet som mellom anna skal bidra til å føra marginale og forureina landområde tilbake til produktive jordbrukso råde.
Schröder snakkar om berekraftig landbruk. Om det er såkalla økologisk/organisk eller konvensjonelt er ikkje så viktig for han.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.