bv29_aktuelt2c

Bjarne Kvist Hansen, styreleiar i Oikos Rogaland, vil at fleire bønder vil produsera økologiske grønsaker, i staden for at etterspurnaden og forbruket blir dekka av import.

Interesse og forbruk av økologisk mat er aukande. Oikos Rogaland inviterer til fagdag for å inspirera bønder til å henge seg på.

Jane Brit Sande

I 2014 var forbruksveksten på økologisk mat nærare 30 prosent. I 2015 var veksten på om lag 15 prosent. Marknaden blir metta takka vere importert mat.

Inviterer til fagdag

Den 24. september til 2. oktober blir Økouka arrangert i Rogaland, og blant anna i Agder, Bergen og Telemark går same arrangement av stabelen same veka. I Rogaland inviterer dei til fagdag om økologisk landbruk tysdag den 27. september, på Øksnevad vidaregåande skule. Målgruppa er bønder som er nysgjerrige på moglegheitane i økologisk grønsaksproduksjon.
– I vår inviterte Oikos til ei fagsamling der det skulle handla om planlegging av dyrking av grønsaker; vekstsesong, kva må man huske på, og så vidare. Heilt grunnleggande agronomisk kunnskap. Det var ikkje plass til eit menneske til i rommet. Det var stappfullt, fortel Bjarne Kvist Hansen, styreleiar i Oikos Rogaland, engasjert.
Kvist Hansen gjekk heim frå vårens samling full av inspirasjon. Dette ga han ideen om fagdagen som no skal arrangerast.
– Det er behov for bønder som produserer til grossist. Det er sett eit mål av Regjeringa om 15 prosent økologisk innan 2020, og for å få til dette må me ha med oss dei profesjonelle bøndene på laget. For å få produksjonen målbar, må dette gå gjennom grossist, seier Kvist Hansen.

 

 

Les meir i Bondevennen om ei veke – BV 29/30, 29. juli.

Stikkord denne saka: