Løysingar: Reporter og mjølkebonde for ein dag krev verkeleg eit klart hovud. (F.v.) Tilda Håheim, Konrad Bue Tjelta og Ingrid Håland.

Løysingar: Reporter og mjølkebonde for ein dag krev verkeleg eit klart hovud. (F.v.) Tilda Håheim, Konrad Bue Tjelta og Ingrid Håland.

Mjølkebonde og reporter for ein dag

25. august 2026 | Aktuelt

Tilda, Ingrid og Konrad prøvde seg som mjølkebønder for ein dag, og toppa det med reporterjobb for Bondevennen under 4H sin fylkesleir.

Jofrid Åsland Gilje i samarbeid med Konrad Bue Tjelta, Tilda Håheim og Ingrid Håland

– Eg likte godt opplegget i fjøset. Det var kjekt å sjå det nye fjøset med robot og automatisering, seier Konrad Bue Tjelta.

15-åringen er ein av deltakarane på 4H Rogaland sin fylkesleir i Dirdal 14. – 16. august. Slagord for leiren var: «Fjell og fjord, dyr og jord.»

Saman med Tilda Håheim (17) og Ingrid Håland (15) tok Konrad på seg oppgåva som reporter for Bondevennen under kurset «Mjølkebonde for ein dag». Dei besøkte Marita Frafjord Oftedal og Håkon Oftedal, som driv gard i Oltedal.

Mjølkebonde: Marita Frafjord Oftedal og Håkon Oftedal, som driv gard i Oltedal. (Foto: Tilda Håheim)

Mjølkebonde: Marita Frafjord Oftedal og Håkon Oftedal, som driv gard i Oltedal. (Foto: Tilda Håheim)

Vil vise gardslivet

Under fylkesleiren var landbruket på agendaen med kurs om mjølkeproduksjon både hjå bønder med kyr og geiter.

– Det gildaste med å vere bonde er den varierte arbeidskvardagen, sjå resultatet og dyra, seier Håkon til Bondevennen sine unge reporterar.

Han og Marita ønska 4H velkommen til gards. Dei meiner det er viktig å vise fram drifta til ungdomar, og spreie positiv bodskap kring det å vere bonde.

På spørsmål om kva som er det beste og det mest kjedelege ved bondeyrket svarar paret:

– Å bygge ei besetning du kan ha i mange år, seier Marita.

– Det er veldig kjedeleg å legge på plastikk på utesiloen og ta ugras, seier Håkon.

4H-sporten: Volleyball er ein tradisjon i 4H, og fylkesleiren var ikkje noko unntak. Her er vinnarane av volleyballturneringa. (F.v.) Emil Idland, Helge Hognestad Lea, Marius Gudmestad Madland, Goda Usvaltaite, Bertine Skogstø Lende og Gustav Bue Tjelta (framme).

Spennande oppgåve

– Det er ei viktig og spanande oppgåve å få prøve seg som reporter, seier Tilda.

Dei opplevde at ikkje alle planane var like enkle å realisere, men også det er lærdom. Trioen laga film frå gardsbesøket.

– Eg kjenner mange som les Bondevennen, og det er veldig stas å få vere med i Bondevennen, seier Konrad.

Han har planen klar for framtida, først skal han bli landbruksmekanikar og deretter bonde.

– Eg har alltid visst at eg ville bli bonde, seier Konrad.

15-åringen jobbar som avløysar på tre gardar og er svært interessert i gardsdrift.

Tilda har også jobba som avløysar tidlegare, men har ein annan kurs klar. Ho har planar om å bli jordmor.

Dei vaksne: 4H er drive av dei unge, og dei vaksne deltek som hjelparar. Under fylkesleiren er det likevel dei vaksne som tek mest ansvar, slik at dei unge kan konsentrere seg om kurs og kjekke aktivitetar.

Ikkje planlagt

Sjølv om planane for framtida er spikra gjekk ikkje leiren heilt etter planen. Veret vart skikkeleg surt, og teltlivet var lite glamorøst.

– Eg vakna i ein dam, og brukte store delar av laurdagen på å tørke ting, fortel Ingvild.

Etter mottoet til 4H: «Å læra gjennom å gjera», har ungdommane hausta ein dyr lærdom.

– Neste gong me skal på leir blir utstyret testa ute i regn, ikkje inne i stova, seier Ingvild.

Trass i utfordringar smiler dei alle tre, og er einige om at det beste ved å delta på fylkesleir er det sosiale.

– Her er mange gode folk. 4H er for alle. Me er ikkje ute etter å finne problem, me finn løysingar, seier Konrad.

Aktiv dommar: Kim Nessa, leiar av 4H Rogaland, hadde det travelt som volleyballdommar. Han er så pass engasjert at han har tatovert 4H på armen.

Aktiv dommar: Kim Nessa, leiar av 4H Rogaland, hadde det travelt som volleyballdommar. Han er så pass engasjert at han har tatovert 4H på armen.

Eit godt lag

Åsta Marie Bue var leiar for arrangementet saman med Maria Refsland. Åsta er for ordens skuld mor til Konrad.

– Me fekk litt kort varsel på oss til å arrangere fylkesleiren, men dette har gått veldig bra, seier Åsta til Bondevennen på tampen av siste leirdag.

Ho har ei sirleg liste med gjeremål på innerlomma, og har vore oppteken av å få fram grunnverdiane til 4H, som er: klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse.

– Eg har hatt veldig gode folk med meg, og me har fått gode tilbakemeldingar frå deltakarane, summerer Åsta.

Gull med mjølke­robot

Les òg artikkelen:

Gull med mjølke­robot

Arrangør: Åsta Marie Bue gir gode tilbakemeldingar til deltakarane under avslutninga av fylkesleiren. Ho var leiar for arrangementet saman med Maria Refsland.

Arrangør: Åsta Marie Bue gir gode tilbakemeldingar til deltakarane under avslutninga av fylkesleiren. Ho var leiar for arrangementet saman med Maria Refsland.

Stikkord denne saka: