• Hilde Thomsen har teikna dei norske sauerasane. Ho vart overraska over kor mange som fann vegen til opninga av utstillinga Smale.

Då Hilde Thomsen opna utstillinga Smale var det som om by og land gjekk hand i hand.

Jofrid Åsland

– Dette er steinkjekt. Ekstra kjekt er det at det kjem så mykje bønder til byen på kunstutstilling, sa Thomsen.

Då ho opna dørene til galleriet sitt første fredag i desember strømma mellom hundre og to hundre personar inn dørene. Opninga vart ein travel, og uhøgtideleg kveld for kunstnaren. I bakgarden var det nysteikte vaflar. Bøndene hadde med fenalår og saueskinn til Stavangers smale gater, nærare bestemt Valberg. På veggane hang bileta av dei norske sauerasane. Thomsen har søkt særpreget hjå kvar av sauene, noko som kom tydeleg fram.

– Eg liker at alle føler dei kan komme, sa kunstnaren.

Ho er utdanna sosionom, men arbeider som illustratør og kunstnar. Mange har nok sett streken hennar på trykk i Stavanger Aftenblad i form av karikaturar av politikarar. Thomsen set stor pris på arbeidet med prosjektet Smale. Ho liker utfordringa med å teikne ull kombinert med kulturarven og bygdelivet. I dag bur ho i Stavanger, men er frå sauegard på Fister.

– Eg er veldig glad i bønder og bygdelivet. Det er kjekt når to verder kan møtast, sa ho om utstillinga.

Sau i sentrum

Midt i hjarte av siddisbyen var den norske sauen midtpunktet. Magne Jacob Bjørheim, leiar for Rogaland Sau og Geit, var sjølvklart på plass. Thomsen har vore hjå Bjørheim for å studere rygjasau.

– Prosjektet er bra, og teikningane tøffe. Eg liker godt at det vert sett fokus på sauen, slik at folk kan sjå at sau er meir enn pinnekjøtt, sa Bjørheim.

Designaren Simon A. Kjær hadde med seg sonen til galleriet.

– Ei veldig kjekk samling, og eit interessant og originalt tema, sa han om utstillinga.

Inger Lise Schanche Rettedal frå Klostergarden på Mosterøy var også innom utstillinga for å sikre seg plakatar.

– Ho har ein utruleg fin strek. Det er kjekt med slik interesse for sau. Me bønder veit jo at sauer er trendy, men kjekt at Thomsen også har funne det ut, sa Schanche Rettedal.

I folkevrimmelen var det kjende fjeset til Hallgeir Langeland å finne. Han har følgt kunstnaren Hilde Thomsen som kunstnar over ein lengre periode.

– Smale er ein kjempegod og viktig ide. Ho er på veg opp, sa Langeland om Thomsen.

Som folk som fe

Midt på eine veggen hang bilete av ein mann med bustete hår og ein villsau. Mann og sau var nokså like å sjå til. Mannen vert kalla postmannen på Rennesøy, det er villsaueigar Morten Ringdal.

– Eg skulle ikkje teikne folk, men Ringdal var så lik på sauene sine, sa Thomsen om biletet.

Då ho reiste rundt for å samle informasjon til arbeidet, spurde ho ofte korleis dei ulike sauerasane ville vore som menneske. Om norsk kvit sau (NKS) fekk ho svaret: NKS er som ein offshorearbeidar. Den arbeider hardt på jobb, men er lat og kviler elles.

Når desember er over er det likevel ikkje slutt på forteljinga om Hilde Thomsen og sauen. Utstillinga varer ut desember, men Thomsen gir ikkje kunstnarisk slepp på smalen. Ho har mykje å spinne vidare på. Kunstnaren har allereie planlagt nye utstillingar.

 

Stikkord denne saka: