Smågris: Norsvinskulen består av tre modular: Smågrisproduksjon, slaktegrisproduksjon og driftsleiing. I første omgang kjem modulen ‘smågrisproduksjon’ til Rogaland. Illustrasjonsfoto: FKRA.

– Å få Norsvinskulen til Rogaland har vore etterspurt frå medlemmane våre, seier Bjørn Ståle Bekkeheien, leiar i Norsvin Sør-Vest.

Jane Brit Sande

Norsvinskulen er eit tre-delt kurs for griseprodusentar, og blir normalt arrangert på Hamar, der Norsvin har sitt hovudkontor. Kurset tar føre seg smågrisproduksjon, slaktegrisproduksjon og driftsleiing. Norsvin har som mål å «auke lønsemda og dyrevelferden i grisehusa i landet, og å skapa gode haldningar, gjennom fagleg skulering.»

– Å få Norsvinskulen til Rogaland har vore etterspurt frå medlemmane våre, seier Bjørn Ståle Bekkeheien, leiar i Norsvin Sør-Vest.

Minst 15 deltakarar

Linda Vigre er styremedlem i Norsvin Sør-Vest, og er initiativtakar til å få Norsvinskulen til Rogaland.

– Me erfarte at mange produsentar synest det er ein bøyg å reise til Hamar, og å vere vekke frå garden fleire dagar om gongen, seier ho.

Norsvin treng minst 15 deltakarar på kurset for å halda kurset i Rogaland.

– Så langt har meir enn det meldt si interesse, seier Vigre.

I første omgang er det smågriskurset som blir arrangert. Kurset går over tre dagar, men det blir ikkje før i starten av 2021.

– Det er fordi fleire av kursa til Norsvin, som skulle vore arrangert i vår, er utsett til hausten på grunn av koronaviruset. Derfor har dei ikkje kapasitet til å koma før, seier Vigre.

Bjørn Ståle Bekkeheien

Linda Vigre
Foto: Privat

Rolf-Gunnar Husveg

Skryter av kurset

Fylkesleiar Bekkeheien har sjølv fullført alle modulane til Norsvinskulen.

– Det er eit godt fagleg opplegg. Eg hadde allereie drive med gris i mange år før eg reiste til Hamar, og eg vart likevel utfordra. Produsentane deler erfaringar, og ein får treffa andre bønder, seier Bekkeheien.

Han oppmodar grisebønder til å melde seg på kurset.

– Dette er ikkje berre for dei ferskaste produsentane. Norsvinskulen er like aktuell for dei erfarne, seier han.

Når alle tre kursa er fullført, blir ein titulert som Cand.Pig.

– Det er veldig stor stas, seier Bekkeheien.

Fylkesmannen heiar på initiativet

Fylkesmannen i Rogaland er beigeistra for initiativet til Norsvin Sør-Vest.

– Me har eit overordna prosjekt i samarbeid med næringa, der me arbeider for dyrehelse- og velferd i fylket. Å arrangera Norsvinskulen i Rogaland, passar prosjektet godt, seier Rolf-Gunnar Husveg, rådgivar husdyr hjå Fylkesmannen i Rogaland.

Norsvinskulen er blant dei kompetansekursa om dyrehelse som er godkjent av Mattilsynet.

– Bøndene skal til ei kvar tid vere oppdatert på forskriftene. I dyrehelseforskrifta, nærare bestemt § 7, er det frå 1.1.2020 eit krav at dei som driv med næringsretta dyrehald skal ha oppdatert kunnskap om dyrehelse, seier Husveg.

Forskriftsparagrafen krevjar at bønder skal ha oppdatert kunnskap om sjukdommar hjå dyr, sjukdommar som overførast mellom dyr og menneske, førebyggande tiltak mot smitteoverføring og resistensutvikling, og samanhengen mellom dyrehelse, dyrevelferd og folkehelse. Nye dyrehaldarar skal ha gjennomført godkjent kurs i løpet av det første året som dyrehaldar. Kravet om kurs gjeld ikkje dyrehaldarar som kan dokumentera kompetanse i dyrehelse på agronomnivå eller høgare, står det i forskrifta.

Stikkord denne saka: