
Påbygg: Bonde Odd Grødem frå Fosse i Time gjer klar tomta for nybygg på kring 1.800 kvadratmeter. Dette skal koplast saman med 2013-kyllinghuset i bakgrunnen. Det nye huset skal vera klar til nytt innsett sist i februar neste år.
– Nortura satsar, og me er med
Slaktekyllingprodusent Odd Grødem er i gang med eit påbygg på kyllinghuset. Målet er å rusta bygningsmassen for den seinarevaksande kyllingen Rustic Gold.
Sjur Håland
Ein av Nortura-produsentane som no byggjer ut kyllingproduksjonen, er Odd Grødem på Fosse i Time kommune. Då Bondevennen er innom, er slaktekyllingane av Ross 308-hybriden 11 dagar gamle. Dei skal slaktast om 22 dagar.
Grødem har vore bonde i ei årrekkje, og bygging er han ikkje framand med. Storfefjøset vart bygd i 2018. Her har han plass til fullt påsett, noko som betyr kring 200 storfe med stort og smått. Grunnkvoten er 515.000 liter.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Sjå korleis du bytar passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.
