Foto: Olav Heggø/ Fotovisjon, Samferdselsdepartementet på Flickr.com CC BY-ND

Jon Georg Dale (FrP)Foto: Olav Heggø/ Fotovisjon, Samferdselsdepartementet på Flickr.com CC BY-ND

 

Statsminister Erna Solberg har lagt regjeringskabalen på nytt.

Jane Brit Sande

Kongen har i statsråd i dag gjort endringar i regjeringa. Endringane gjeld frå i dag, 16. desember 2015, kl. 13.00.

Mat- og Landbruksministeren heiter ikkje lenger Syvli Listhaug. Listhaug bytter departement, og er no innvandrings- og integreringsminister i en post underlagt Justisdepartementet. Ny Landbruks- og matminister er Jon Georg Dale (FrP), tidlegare statssekretær for Finansminister Siv Jensen.

 

Nokon går ut, nye kjem inn

I tillegg til ny Mat- og Landbruksminister, er følgjande postar blitt fornya:

  • Kulturminister Linda Cathrine Hofstad Helleland (H)
  • Fiskeriminister Per Sandberg (Frp)
  • Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H)

Følgjande stasråder får nye oppgåver:

  • Avtroppende europaminister Vidar Helgesen (H) blir klima- og miljøminister
  • Avtroppende fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) blir ny Europaminister

Dette betyr at kulturminister Thorhild Widvey (H), klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H), og arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (FrP) må ut av regjeringa.

 

Kjelde: regjeringen.no

 

Stikkord denne saka: