Den populære Saueplakaten er ute i ny drakt, med nye bilete og ny tekst.

Liv Kristin Sola

På 90-talet ga Fagtjenesten for ull ut ein plakat som viste sauerasar og ulltypar i Norge. Det var før norsk kvit sau vart godkjent som eigen rase. Plakaten vart svært populær og heng i mange sauefjøs og kontor rundt om i landet. Men no var det dags for ei oppdatering.

For eitt år sidan inngjekk Fagtjenesten for ull og Bondevennen eit samarbeid om å presentere sauerasane våre. Vi fekk god hjelp av dei ulike raselaga, Genressurssenteret og Norsk Sau og Geit til tekst og bilete. Resultatet vart ei rekke raseartiklar i Bondevennen, og ein ny plakat med dei vanlegaste sauerasane og ulltypane her til lands. Arbeidet har vore prega av stort engasjement frå mange saueentusiastar.

Plakaten vart lansert på NM i saueklipping og ullhandtering i Bjerkreim førre helg, og er no å få kjøpt på nett hjå Animalia.

Du finner plakaten her (klikkbar lenke)

Kjelde: Animalia 

Stikkord denne saka: ,