BN+

Nøgde bønder: Bente og Tore er svært nøgde med det nye fjøset. Dei kan melde om at kyrne trivst godt i det nye fjøset, og at bygget fungerer overraskande bra.


Bente og Tore Hommeland inviterte nyleg familie og venner til fjøsåpning i Dirdal i Rogaland. Bålkos og ku-innslepp stod på agendaen denne vinterdagen.


Jane Brit Sande


Det er berre eit år sidan Bente og Tore tok over heimegarden til Bente. No står eit flott trefjøs klart for å ta imot kuflokken.
Fjøset er bygd i heiltre lerk, og levert som eit byggesett av Riska sagbruk. Bøndene har lagt mykje eigeninnsats ned i fjøsbygginga.


– Me valde å bygga i tre av fleire grunnar. At me kan gjere mykje sjølve, var ein av dei, seier Tore.


– Eit bygg i tre er også miljøvenleg, og me har nytta kortreist, naturleg byggemateriale. Trefjøs er flotte bygg, med eit godt innemiljø, seier han.


Fjøset har tre vegger, og har eit totalareal på 107 m2. Innreiinga er kjerneved av eik. I kalvegøyma nyttar bøndene halm eller spøne, avhengig av kva dei får tak i. Det er 13 liggebåsar med djupstrø og 20 eteplassar i fjøset.
Liggebåsane har eit tredelt liggeunderlag: Først eit lag grovflis, så eit lag hesteskit og vanleg spøne på toppen.


– Det blir spanande å sjå korleis det kjem til å fungere, seier Tore.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , ,