Deltakarane var imponert over den innhaldsrike kjøkkenhagen.
Torbjørn Ruud
Rådgiver, Haugaland Landbruksrådgjeving
1. september arrangerte Oikos Rogaland og Haugaland Landbruksrådgjeving ope møte på garden til Hilde Gudmundsen og Ruedi Huber.
Det er økologisk drift på Norheim gard. Fagsamlinga byrja i det nye lausdriftfjøset, som har reisverk frå eit brukt drivhus. Ein liten del av bygningen vert nytta som drivhus. Her vert det dyrka tomat og agurk.
– Fjøset tok me i bruk for to år sidan. Her har me mjølkeproduksjon i lausdrift med mjølkestall. Bygningen har god plass. Me kan fôre med avlessarvogn, og køyre gjennom bygningen med traktor og avlessarvogn, sa Hilde Gudmundsen.
Dei elleve deltakrane var imponert over den innhaldsrike kjøkkenhagen. Der var det gulrot, pastinakk, selleri, lauk, urter, bær og poteter.
Stikkord denne saka: Økologisk