Beite: – Beitedyr er betre enn krattskog når det gjeld karbonlagring og albedoeffekt, seier Jørn Viste. Foto: Liv Kristin Sola

Klimakur 2030 får bønder til å sjå raudt. – Eg er skuffa og lei klimahandteringane frå regjeringa, seier Jørn Viste.

Sjur Håland

Regjeringa sin 1196 siders Klimakur 2030 skapar rabalder. Rapporten, som no ligg ute på høyring, får bønder til å reagera kraftig. Styresmaktene har gjennom rapporten sett på tiltak og verkemiddel som kan utløysa minst 50 prosent reduksjon i ikkje-kvotepliktige utslepp i 2030 samanlikna med 2005.

Råkar ammekuprodusentane

Landbruket sitt potensial er i følgje rapporten ein reduksjon på 5,1 millionar tonn CO2-ekvivalenter. Utgreiinga legg til grunn store endringar i landbruket. Overgang frå raudt kjøt til plantebaserte produkt og fisk, utgjer 2,9 millionar tonn CO2. Ammekuproduksjonen blir hardast råka, med ein nedgang på nær 70 prosent i høve til dagens produksjon, om tilrådingane i rapporten blir følgt. Jørn Viste er ein av bøndene som nå ser raudt. Bonden frå Nærbø i Hå seier han liker dårlig ein klimapolitikk, som prioriterer økonomisk vekst basert på blant anna foredling av varer på motsett side av jorda.

– Det same gjeld handelsavtalar som opnar for import av varer som me kunne ha produsert lokalt her i Norge. Bondelaget treffer spikaren betre. Nøkkelorda er lokal mat, i sesong og redusert matsvinn, seier han.

Flyr som før

Viste meiner at styresmaktene er meir opptekne av å få klimarekneskapen i hop på papiret og bryr seg mindre om å sjå på utfordringar og moglegheiter som ligg i albedoeffekten (påverking av klimaet på jorda gjennom redusert refleksjon av sollyset, journ.mrk.) og karbonlagring i jord. Sjølv driv han med mjølkeproduksjon. Han er oppteken av god agronomi og fører næringsrekneskap på garden. Nå meiner han å registrera at storsamfunnet i størst mogleg grad ønskjer å leva som før, medan landbruket må ta store delar av CO2-innsparingane.

– Forbrukarane reiser med fly og har eit forbruk som før, medan det er bøndene som er forvaltarar av jordressursane som må ta støyten. Vår verksemd blir ikkje sett på som ei næring som gir avkasting for landet. Storsamfunnet er meir opptekne av inntektene frå olje, gass og fisk.

Jørn Viste

Jærbonden seier at den pågåande klimadebatten fører til resignasjon i landbruksnæringa.

– Her på garden brukar me NLR kretsløpstolken og gjer så godt me kan ut frå dei premissane me har. Eg skulle gjerne sett at det til dømes vart retta meir positiv merksemd på kor mykje karbon som faktisk blir lagra i jorda hjå oss som driv med husdyrproduksjon.

Lurar oss sjølve

Ammekuprodusentane blir syndebukkar, meiner Viste, og held fram at det er alt anna enn rettferdig.

– Beitedyr er langt betre enn krattskog når det gjeld karbonlagring og albedoeffekt. Det kjem ikkje skikkeleg fram i debatten.

– Kva med å tilpasse landbruket til framtida med å bruke meir ekstensive husdyrrasar?

– Det blir å gå feil veg. Alt peikar på at til meir effektivt du greier produsera, til betre resultat blir det om du reknar klimautslepp per kilo produkt. Går me tilbake til dei gamle husdyrrasane, lurar me oss sjølve, seier han.

Har gløymt krinslaupet

– Dei som står bak utgreiinga har fullstendig gløymt det naturlege krinslaupet som drøvtyggjande beitedyr utgjer, seier mjølkeprodusent og leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde.

Fylkesleiaren frå Breim saknar argumenta for landbruk og husdyrproduksjon.

– Det handlar om fotosyntesen, binding av karbon og at drøvtyggarane er noko av eit under i matproduksjonen. Beitedyra endrar lågverdi-protein til energi som menneske kan nytta seg av på ein måte som me ikkje finn maken til i naturen elles, seier han.

Felde meiner at Klimakur 2030-utgreiinga berer preg av at internasjonale mat- og arealutfordringar er kopiert til Norge utan at det blir teke omsyn til fjord- og fjellandet sine naturgitte tilhøve for matproduksjon til eiga befolkning.

– Hjå oss er drøvtyggarane ein svært viktig del med omsyn til å sikre matforsyninga, seier han.

Anders Felde

Aksept for drøvtyggarane

– Korleis vil du formidla desse argumenta inn i debatten?

– Heile landbruket må auke kunnskapen og betre formidlingsevna. Blir drøvtyggarane diskreditert som no framover, har landet eit alvorleg problem med bruk av eigne areal og eiga sjølvforsyning. Klimaavtalen bøndene alt har inngått med regjeringa er eit prov på at landbruket er på rett veg, meiner Felde.

Han strekar under at alternativet til avtale hadde blitt CO2- avgifter.

– I avtalen blir det lagt til grunn at matproduksjonen skal halde fram, men med mindre utslepp enn i dag. Avtalen er ein aksept for at drøvtyggaren har ein viktig plass, seier han.

Eit fordømt ansvar

Kanaliseringspolitikken er topp moderne og sikrar utnytting av grasareala i distrikta, seier Felde.

– Me dyrkar høgverdig plantekost på dei beste areala og produserer høgverdig protein og feitt frå drøvtyggarane til menneskemat på dei dårlegaste areala.

– Er ikkje trenden likevel at forbruket av raudt kjøt gå ned?

– Me kan ikkje eta oss ut av klimakrisa. I Norge er det bra å eta raudt kjøt fordi me slepp å importera enda større mengder av mat i form av feitt- og proteinvekstrar som andre treng. Hugs at folk svelt og at det er kamp om vassressursane mange stadar. Me har eit fordømt ansvar for å produsera mest mogleg mat her i landet. Då er kjøtet ein viktig del av pakken.

– Blir du lei av klimadebatten?

– Ja. Debatten er i ferd med å ta motet frå bønder som kjenner at dei blir jaga frå skanse til skanse. No kjem raudt kjøt-problematikken på toppen. Eg kjenner på eit stort ansvar på å halda motet oppe hjå mine kollegar. Me driv verdas viktigaste yrke. Det må me aldri gløyma. Klart me skal auka produksjonen av frukt og grønt framover, men det er på ingen måte annanrangs å driva med ammeku, sau eller mjølk.

– Må sjå heilskapen

Brit Mjåland driv med økologisk dyrking av jordbær på Mjåland Gård i Mjåland i Lindesnes. Den engasjerte bonden driv også eit Inn på Tunet-tilbod og ein campingplass ved Mandalselva.

– Landbruket skal ta sitt når det gjeld reduksjon av klimaskadelege utslepp, men å trekkje ut enkelte deler, som raudt kjøt, utan å sjå heilskapen blir feil, meiner ho.

Mjåland meiner det norske samfunnet treng å løfte blikket og sjå klimautfordringane i ein global samanheng.

– Her i landet må me bruka dei ressursane me har for å produsera maten me treng. Det inneber at me treng drøvtyggarane til å omdanne gras til menneskemat. Me kan ikkje eta gras, det er det drøvtyggarane som kan, seier ho.

Kjøtforbruket skal haldast på eit fornuftig og sunt nivå, meiner Mjåland. Ho held fram at bruken av utmarka er ein del av framtidsbiletet, med redusert import av langreist soya og andre fôrråvarer som konsekvens.

– Korleis kan landbruket formidla argumentet om beitebruk og husdyrhald med det presset som nå er mot raudt kjøt?

Brit Mjåland

– Landbruket har ei kommunikasjonsutfordring. Avstanden mellom produsentar og forbrukarar har blitt stor. Me snakkar ulike språk. Eg har ikkje løysinga, men eg trur landbruket må endra kommunikasjonen og syna at ingen er meir interesserte i å ta vare på naturen og klimaet enn bøndene sjølv.

– Korleis ville det vore i ditt område utan beitedyr?

– I vårt område har det blitt satsa på ammeku og sau siste åra. Utan beitedyra som hentar fôr i utmarka gror landskapet fullstendig igjen. Eg trur bøndene og forbrukarane er opptekne av det same. Nå må me byrja å snakke saman.

Stikkord denne saka: