Genar er skeivt fordelt: – Ho må ha arva alt det gode frå faren, var Marianne Sunde sin reaksjon då Geno kjøpte ei av kvigekalven hennar for produksjon av embryo. Ho og mannen Ola Sunde fekk avlsdiplom for kviga 80060 Athelia.

Korona-restriksjonar stoppar ikkje utdelinga av heider og ære til dyktige avlsarbeidarar på Jæren.

Liv Kristin Sola

På Jæren har det blitt tradisjon å dele ut avlsdiplom på opent avlsmøte som vert arrangert på Genoloftet på Særheim tre gonger i året. I år har korona sett ein stoppar for desse møta. Difor bestemde Inger Husveg Lassen i Geno seg for å levere diploma heime på garden. Med seg på turen hadde ho to avlsdiplomar for eliteoksar og eit for ei embryokvige – i tillegg til Bondevennen.
Felles for dei tre bruka er at dei gstestar kviger, nyttar utvida avlsplan, og har Tore Joa i Tine som avlsrådgivar.

Avlsdiplom

Avlsdiplomet blir delt ut til oppdrettarar som har levert oksekalvar som seinare vert nytta som eliteoksar, og til oppdrettarane av NRF-embryokviger som har produsert embryo godkjent for frysing.

Embryo-kviger

Kvart år kjøper Geno inn nitti kvigekalvar frå norske mjølkebønder. Kvigekalvane er etter ein spesiell kombinasjon av oksar som Geno ønsker embryo frå. Bønder som vil selje kvigekalv får 15.000 kroner.
Kalvane vert henta til Øyer når dei er mellom tre og fem månadar. Ti til tolv månadar gamle vert dei flytta til Store Ree. Kvigene produserer embryo frå dei er kring tolv månadar og produksjonen varer frå tre til fem månadar, avhengig av kor mange embryo som vert hausta.
Når embryoproduksjonen er over vert kviga inseminert og gjort klar for sal. Dei som selde kalven har førsterett til å kjøpe attende den drektige kviga for 20.000 kroner, om dei ønsker det. Elles vert kvigene selde på livdyrmarknaden, eller på auksjon slik det vart gjort i slutten av mai. Ni drektige kviger vart selde på nettauksjon med ein startpris mellom 22 og 28 tusen kroner.

– Auksjon skapar engasjement og interesse. Så langt har sal av embryo gått litt tregt, ikkje minst her på Jæren, og Geno ønsker heilt klart å auke interessa for embryo, seier Inger Husveg Lassen.

Kviga 80121 Aida med 36 i avlsverdi, fekk det høgaste bodet og vart seld for 42.000 kroner. Far er 11892 Nedrebo og morfar er 11147 Enger.

Slekter på far

Marianne og Ola Sunde har seld kvigekalv til Geno, men takka nei då dei fekk tilbod om å kjøpe kviga attende.

– Mora er absolutt ingen favoritt, så kviga må ha arva alt det gode frå faren, meiner Marianne.

Ola kan ikkje dy seg:

– Kua lever og mjølker framleis, då kan ho jo ikkje vere så galen, freistar han.

Marianne har ansvaret i fjøset. Veksthus og gulrot er Ola sitt ansvar. Dei har 200 dekar dyrka jord som vert nytta til gras og gulrot, samt 90 dekar veksthus med tomat. Garden ligg i eit karakteristisk klyngetun heilt ute ved havet på Vik på Jæren. Dei leverer 250 tonn mjølk frå ei lausdrift frå 1986. I fjor vart mjølkegrava erstatta med robot. Med all jorda på andre sida av den trafikkerte Nordsjøvegen, vart det ei utfordring med beitinga.

 

– Det er skremmande kva folk balar med medan dei køyrer i høg hastigheit langs desse vegane, seier Marianne.

Dei har nytta utvida avlsplan sidan dei overtok for 17 år sidan. Bein, mjølk og lynne er eigenskapar Marianne ser etter når ho vel okse, men ho går ikkje alltid for førstevalet på planen.

– Toppoksane har blitt kostbare så eg tek helst ein tilbodsokse, om det er eit alternativ på planen, seier Marianne.

Ingen ny Braut: Inger Marie og Elling Braut fekk avlsdiplom for oksen 12047 Brautmarka. Oksen, som er frå same garden som legenda Braut, er allereie ute av katalogen. Den tida er forbi kor oksar kunne vere aktuelle så lenge, meiner Elling Braut.

12047 Brautmarka

I fjøset til Inger Marie og Elling Braut på Braut på Jæren, står mora til oksen 12047 Brautmarka. Oksen har 20 i avlsverdi og er sterk på jur og lynne. Far er 11825 Maugjerdet og morfar er 10795 Hoøen.

– Oksemora er inseminert ein gong per kalv og har ingen helseregistreringar. Ho er født i mai i 2015 og ventar fjerde kalven, konstaterer Elling.

– Ho er ei av dei kyrne som absolutt ikkje vil ha noko med oss å gjere, seier Inger Marie.

Elling og Inger Marie overtok i 2007 og bygde nytt robotfjøs i 2013. Dei har 65 årskyr, 20 ammekyr og slaktegrisproduksjon. Ytinga skal ikkje pressast så høgt at det går ut over tørrstoffinnhaldet.

– Mykje mjølk utan innhald har liten verdi. Me må finne ein balanse mellom yting og tørrstoff, meiner Elling.

Etter å ha testa ut kjønnsseparert utan stort hell, er dei no attende til vanlege dosar. Lynne og bein er viktigaste eigenskapar. Dei gs-testar enkelte kviger og nyttar avlsplanen som ei god rettesnor. Men det skjer unnatak for spesielle slektslinjer.
Det høyrer med til historia at den berømte oksen Braut i si tid kom frå dette bruket. No er det berre skinnet att av denne legenda.

12049 Torland

Jofrid Torland Mjåtveit og Øyvind Mjåtveit fekk Avlsdiplom for oksen 12049 Torland. Ein høgreist okse som er spesielt sterk på jurhelse og kjøt. Far er 11848 Sundli og morfar er 11147 Enger. 12049 Torland har 26 i avlsverdi.

– Å få ein eliteokse er eit resultat av avlsplanlegging over lang tid, seier Jofrid, som fekk sin første utvida avlsplan i 2009.

Jur og bein og friske dyr med god haldbarheit er viktige eigenskapar. Jofrid nyttar berre vanlege NRF-oksar og gstestar alle kvigene. Då får ho også fenotypetesta heile buskapen ein gong i året.

– Avl har alltid vore ein av mine litt sære, men spennande hobbyar, seier bonden.

Dei har 400 dekar med gras og i tillegg til å fôre fram eigne oksar kjøper dei rundt seksti oksekalvar i året. i 2019 slakta dei 100 storfe, og Jofrid er nøgd med NRF som gir både mjølk og kjøt og god klasse på okseslakta.

– Innteninga på garden er omtrent likt fordelt mellom Tine og Nortura, seier Jofrid.

Tilvekst på ung okse, slakta 17-18 månadar gamle, var i fjor på 576 gram per dag. Oksane er godt 330 kilo slakta.
Det har vore drift på garden heilt sidan vikingtida. Då Jofrid overtok i 2001 var ho 12. generasjon på familiebruket. Fjøset er ei lausdrift frå 1978. I 2013 var mjølkegrava erstatta med robot. Dei har 43 mjølkekyr med årsavdrått på 9047 kilo EKM per årsku og 300 tonn i kvote.

Tips til langsiktig avlsplanlegging: Finn det opplegget som passar på ditt bruk med tanke på bruk av kjønnsseparert sæd og innblanding av kjøtfe. Gs-test kvigene, kartlegg besetningen og bruk utvida avlsplan.

Langsiktig plan: – Interesse for avl og eit godt samarbeid med avlsrådgivar Tore Joa gjennom mange år, har gitt resultat, seier Jofrid Torland Mjåtveit. Dei har prøvd både kryssingar og kjønnsseparert, men i deira driftsopplegg, kor dei tener like mykje på kjøt som på mjølk, er det vanleg NRF-sæd som fungerer best.

Stikkord denne saka: