Kalvehelse: I vekas podcast snakkar me om kalv med Veterinær Anna Catharina Berge, som har skreve boka «The healty dairy calf». Foto: Istock / ngaga35
PODCAST:
Frisk kalv = meir mjølk
Første levemånad påverkar resten av livet og kor mange liter mjølk kua produserer.
Ingvild Steinnes Luteberget
Når ein kvigekalv får diaré i løpet av den første levemånaden, kan det føre til om lag 350 liter mindre mjølk i første laktasjon. Konsekvensane følgjer kua vidare gjennom livet, og i tredje laktasjon kan produksjonen vere redusert med heilt opp mot 1000 liter – som følgje av eitt einaste sjukdomstilfelle tidleg i livet.
Konsekvensane av sjukdom hos kalv er store. Samstundes kan me ikkje skape eit fullstendig sterilt miljø for kalven å vekse opp i. Kalven vil alltid bli utsett for bakteriar og smittestoff. Difor er oppgåva vår å gjere kalven så robust og motstandsdyktig som mogleg, slik at han toler både miljøet og livet han skal vekse opp i.
Dette handlar ikkje berre om dyrevelferd – det handlar òg om økonomi, klima og om å skape ein betre og meir berekraftig arbeidskvardag.
I vekas podcast snakkar me om kalv med Veterinær Anna Catharina Berge, som har skreve boka «The healty dairy calf». Ho har jobba og forska på kalv og kalvehelse i mange år.
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert det store arkivet med tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.
Bondevennen nr 10
kjem i postkassane og
er tilgjengeleg elektronisk
fredag 29. mai.
Få Bondevennen på øyra!
Bondevennen er på lufta med ein podcast som det luktar fjøs av!
Kusignal
Bondevennen har samla den populære serien vår om kusignal i eit eige hefte.



