– Rosa plast er litt løye og samtidig alvorlig, seier Andreas Svihus.
Jofrid Åsland
Bonden frå Svihus i Sandnes kommune nølte ikkje då han fekk høyre nyheita om rosa rundballeplast rett over nyttår. Han bestilte plast dagen etter.
– Det går til ei god sak, og plasten skal vere like god som vanleg kvit plast, fortel Svihus til Bondevennen på telefon.
Den rosa kampanjen, som går frå veke 23 og utover, er eit samarbeid mellom Felleskjøpet Agri, Trioplast på rundballeplast og Tama (nett). For kvar rundballe som blir pressa går 30 kroner til brystkreftforsking. Bonden/kunden betaler 10 kroner, trioplast på rundballeplast og Tama (nett) betaler også 10 kroner kvar.
Svihus driv maskinstasjon, og fortel om kundar som har etterspurt den rosa plasten, medan andre er skeptiske til eigenskapane til den nye varianten av rundballepakking.
Utselt for rosa plast
– Felleskjøpet Rogaland Agder (FKRA) har kjøpt plast til ca. 1.000 rundballar. Hadde me hatt meir hadde med seld meir, sa Ingvar Hobberstad, i FRKA, til Bondevennen under grasdemo på Klepp.
Då det var grasdemo var den rosa plasten i bruk.
Det er Felleskjøpet Agri som er ein av pådrivarane for den rosa kampanjen.
– Me anbefaler som regel våre kundar å bruke kvit plast som er best på å reflektere sollyset. Alle testar – gjort i Sverige – viser at rosa plast har nær same gode eigenskap som den kvite, og noko betre enn den grøne plasten. I denne samanheng vil Trioplast og Tama stå for produksjon og levering av plast og nett, mens Felleskjøpet tar seg av sal og overlevering av pengane til Brystkreftforeningen etter at salet er avslutta, fortel Jan Håvard Kingsrød, produktsjef konservering i Felleskjøpet Agri, til www.felleskjøpet.no.
Stikkord denne saka: Fôr, Grovfôr