
Prosjekt: Landbruksdirektør Monica Dahlmo er styreleiar i Rogaland Landbruksselskap. Ho seier selskapet svært gjerne bidreg til å etablere aktuelle prosjekt for å møta landbruket sine utfordringar framover. Foto: Jofrid Åsland Gilje.
Premierte bønder for edruelege bryllaup
Det er ikkje berre dyrking av ny jord og oppal av fine storfe som har ført til diplom og heiderleg omtale frå Rogaland Landbruksselskap. På 1700-talet kunne bonden også bli premiert for å halda eit nøkternt bryllaup.
Sjur Håland
Ein kuriositet å smila av i dag, 250 år etter. Men den gongen kunne eit tredagars bryllaup på ein gard nærast føra til ruin for arrangørane. Historikar Birger Leidanger fortalde i sin festtale at brennevin og sterkt øl flaut fritt, og både brudepar og gjester kunne vera meir enn skjenkte lenge før dei hadde kome seg til kyrkja. I tillegg til tre dagar på fylla måtte ein rekna med at bryllaupsgjestene var meir eller mindre arbeidsuføre ei lita veke i etterkant.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.




