Nominert til pris

Kari Støfringsdal er nominert til Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris. Dei er fem sterke kandidatar i finalen, og vinnaren vert kåra etter tal stemmer og juryens vurderingar. Fristen for å stemme er torsdag 31. oktober.

Sjå også Kari heime i FjordamatTunet på www.tv.nrk.no i programmet Norge Nå  21. oktober.

I tida: Kari Støfringsdal har jobba med mat, smakar og råvarer heile sitt liv. Ho snakkar engasjert om å bruke heile heile dyret  og ikkje kaste mat. – Me skal ikkje fråste, seier ho. Ho meiner me bør ete det me kan klare å produsere her i landet og være mest mogleg sjølvforsynt med mat. I ein alder av 72 år tilbyr ho kurs i tradisjonsbakst på FjordamatTunet heime på garden.

 – Me har eit ansvar for å produsere mest mogleg av vår eigen mat, seier husstellærar Kari Støfringsdal, som no er nominert til Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris.

Liv Kristin Sola

Kari Støfringsdal inviterer meg inn i sitt eige skattekammer, FjordamatTunet, heime på garden i Størfringsdal i Jølster. Ei ombygd løe frå den gongen ho og mannen overtok slektsgarden hans. Her er ope heilt opp under taket i dette tradisjonelle grindbygget.

Sonen og svigerdottera har overteke garden, og byta ut mjølkekyrne med Vestlandsk fjordfe og kjøtproduksjon. Kari leiger løa til kurs og anna arrangement som ho driv med god hjelp av mannen Odd.

Lever av mat

Inne på kjøkenet er det varmt og godt. Kari serverer gjærbakst og rabarbrasaft med litt hylleblomstsaft og ingefær. Her i kjøkenet tek husstellæraren imot mellom sju og åtte hundre kursdeltakarar kvart år. Det går mest i tradisjonsbakst, men ho tek også imot grupper av vener eller kollegaer som vil gjere noko sosialt i lag.

– Då går det mykje i suppe og dessert. Eller pizza i bakaromnen, seier Kari.

Kvar haust set ho opp fem ulike kurs. Det handlar om tradisjonsmat, om gjærbakst, lefser og julemat. Ettersom listene fyller seg opp, supplerer ho med ekstra kurs. I eit travelt år kan ho ha 50 til 60 arrangement her på låven og i kjøkenet. Kursdeltakarane er folk i alle aldrar, mange i 30-åra.

– Dei ser at kunnskapen om tradisjonsmat er i ferd med å forsvinne med deira besteforeldre, seier Kari.

Ho minner om at på 70-talet ønska kvinnfolka seg betalt arbeid og ville klare seg sjølve. Den tradisjonelle husmorrolla var på veg ut. Folk fekk meir pengar og utvalet i butikkane auka raskt. Pulvermaten kom for fullt. Suppe, sausar og gryterettar som berre skulle tilsettast vatn og kjøt blei svært populært.

– Det vart mindre tid til å lage mat og mange meinte at maten ikkje smaka viss den ikkje kom frå pose, minnast Kari.

Tidleg vaksen: Kari og syskena fekk oppgåver heime i kjøkenet heilt frå dei var små. Mora jobba ute på jorda til liks med faren, og ungane gjorde meir nytte for seg på kjøkenet enn i dei bratta bakkane på garden.

Heimekonsulent på fulltid

På denne tida var Kari nyutdanna husstellærar frå Statens lærarskole i husstell på Stabekk og var henta heim til Sogn og Fjordane til ein jobb som heimekonsulent i fylket. Jobben til ein heimekonsulent var å reise rundt i bygder og avkrokar og halde kurs blant anna i ernæring, husstell og matlaging.

– Kursa kunne vare frå nokre timar til 14 heile dagar. Det handla om gjærbakst, småbakst og supper – frå botn av, seier Kari.

Etter åtte år i jobben valde ho å slutte for å ta seg av tre ungar og gardsarbeid heime. Slik fekk ho også tid til å engasjere seg i politisk arbeid og organisasjonsarbeid, blant anna i Tine, Bondelaget og ikkje minst i Bygdekvinnelaget.

Matauk frå skogen: Om hausten er Kari i skogen for å plukke sopp som ho tørkar og lagrar på glas.

Med mat i genane

Kari vaks opp på eit brattlendt småbruk i Jølster. Mora og faren var heiltidsbønder med lange arbeidsdagar. Kari og syskena fekk tidleg ansvar i kjøkenet, kor dei gjorde meir nytte for seg enn i dei bratte bakkane. Mora var flink til å lage mat og faren var ein svært ivrig hobbygartnar. Han hadde frukttre og dyrka fram grønsaker andre knapt hadde høyrt om.

– Me åt grøn salat på 50-talet. Slik vart sett på som kaninfôr, seier Kari og flirer godt.

Ho fortel om ein far som las og las og las – og prøvde ut i praksis det han las. Når ho tenker attende var det nok ein litt utradisjonell oppvekst. Det meste handla om mat og råvarer.

– Me hadde både «varme og kalde jomfruer» i slekta, kommenterer ho.

På 50-talet åt me hermetiske aprikos og fersken på julaftan. Det var status fordi ein kjøpte dei på butikken. Hermetiske plommer var mindre eksotisk, det lagde dei sjølve.

– Alt som vart laga heime var kvardagsleg. Å kjøpe mat på butikk var status, fortel Kari.

Dei dyrka poteter, plukka bær i skogen og slakta heime til eige bruk. Sjølv folk som ikkje budde på gard, kjøpte heile slakt og skar ned sjølv. Mat var ein stor utgiftspost og det var økonomisk å gjere det meste heime.

 – No er det snudd opp ned. Mat på butikk er kvardagsleg, medan det å ha noko heimelaga og plukke bær og sylte og safte – det er status, seier Kari.

Ho er ingen gartnar som faren, men var svært glad i å bruke råvarene til å lage god mat. Ho har alltid vore fascinert av ernæring og kjemi – å forstå kva som skjer under dei ulike prosessane som gjæring og fermentering, og korleis dei ulike råvara verkar på kvarander – og så formidle kunnskapen vidare.

Stort engasjement: Kari har eit engasjement som handlar om mykje meir enn mat. Ho har vore folkevald i kommunestyret i fleire periodar, og var ei tid varaordførar i Jølster. Då dei dreiv mjølkeproduksjon var både ho og mannen, Odd, tillitsvalde både i produsentlaget og Bondelaget. Heile sitt vaksne liv har ho vore engasjert på fleire plan i Bygdekvinnelaget, blant anna som deira representant i styret i Norges Bondelag. I fleire tiår har no vore engasjert i Norsk forbund for utviklingshemmede, NFU, etter at dei sjølve fekk ein utviklingshemma son. Kari har fått fleire prisar for sitt engasjement for mat, ernæring og for folk og bygd. Innimellom slaga har ho rukke å laga fire bøker om tradisjonsmat.

Nye trendar

Husstellæraren er forsiktig optimist med tanke på framtida for tradisjonsmaten. 

– Unge foreldre er i dag mykje meir opptekne av mat, reine råvarer og av kva ungane får i seg enn eg sjølv var på 70-talet, sjølv om eg er husstellærar, slår ho fast. Men ho meiner å sjå eit klasseskilje.

– Det går meir på utdanning enn på pengar. Det du har med deg frå oppveksten, kva verdi maten har og korleis mat har vore behandla i heimen, er viktigare enn kva du sjølv kan av matlaging, meiner Kari.

Ho er ikkje spesielt kritisk til ferdigmat, så lenge det er laga på gode råvarer. Ho meiner folk må få gjere sine eigne val.

– Folk må gjerne vere vegetarianarar, men kvifor skal denne maten kjøpast i ei ferdig pakke i ein butikk? Kvifor skal gode råvarer på død og liv kvernast inne på ein fabrikk og bli til noko anna enn det det er, som skal likna på noko det ikkje skal vere. Råvarer som vert «øydelagd» og bygd opp att er ikkje mi greie. For meg
er det vegetarmat ganske enkelt gode råvarer av grønsaker, potet, frukt og bær, nøtter og linser og bønner, som me kan tilberede sjølve, seier Kari.

Ho meiner det er bra at fleire blir bevisst på kva dei et, og at matproduksjon heng saman med miljøkampen.

– Vi bønder må berre henge oss på. Vil forbrukaren ha mindre kjøt, skal vi produsere mindre kjøt. Kjøtforbruket har auka betydele frå 80-talet og fram til i dag. Å redusere litt er heilt greitt, sjølv for oss bønder, både med tanke på eiga helse og miljø. Vi skal ikkje fråtse, det er ikkje sunt på noko vis. Vi kan fylle tallerken med meir potet og grønsaker i tillegg til kjøtet, meiner husstellæraren.

Ulike trendar som låg-karbo kan ho også styre si begeistring for. 

– Kva om heile Norges befolkning skulle kutte ut karbohydrat? Feitt og protein er mangelvare over heile verda. Då er det heilt meiningslaust å forbruke på den måten berre fordi vi har økonomi til det, seier Kari.

Haustar av naturen

På benken står siste dagars produksjon. Sylta plommer og plommesylt. Ripssaft og saft av hyllebær, hermetiserte eple, graskar og raudbete – med og utan lauk. Sorten står handskriven på merkelappar utanpå dei desinfiserte krukkene. Gjenbruk sjølvsagt.

– Lukt på dette, seier Kari og viser fram tørka full av traktkantarell.

Ho likar å hauste det skogen og naturen forsyner oss av smakar og fargar.

– I eldre tider sa dei at ein kopp medtørka hylleblom-te kvar morgon held doktoren unna, seier Kari, og viser fram eit Norgesglas, halvfult med denne «naturmedisinen».

I ein alder av 72 har Kari ingen planar om å legge inn årene. Helsa er god og engasjementet blir ikkje mindre med åra. Ho held fram med kurs og er i tillegg matkontakt i kompetansenavet i Aurland, der ho har ansvar for å formidle kunnskap om frukt og bær og bakst.

Safting og sylting: Hausten er tid for å haust frukt og bær frå tre og buskar. Kari syltar, saftar og hermetiserer og har på steriliserte glas. Kjekt å ha både til eige bruk, men også som ei fin gåve til slekt og vener.

Stikkord denne saka: ,