BN+

Trykk: Nils Oma demonstrerer korleis han stiller inn lufttrykket i dekka frå skjermen i traktoren.


Entreprenør Nils Oma har ettermontert eit automatisk luftreguleringssystem på den nye traktoren. Nå kan han tappe eller fylle luft i dei fire kraftige traktordekka frå den integrerte luftkompressoren med enkle tastetrykk på skjermen.


Sjur Håland


Det kan han gjera medan traktoren triller og sviv og han for eksempel skal frå enga og ut på vegen.
Oma bruker den store 315-hestars traktoren til eit stort showelliknande planeringsskjær på løftearmane bak, medan eit stort lodd er montert framme. For å minimere marktrykket og få godt hjulgrep med skrapa måtte han tidlegare tappe ut luft ved innkøyringa og pumpe luft tilbake på første og beste bensinstasjonen langs vegen heim. Entreprenøren har hatt utstyret i drift sidan februar. Han peikar på skjermen og forklarer:


– Nå har eg stilt inn lufttrykket til 1,4 bar framme og 1,8 bar bak når eg køyrer på vegen. Ute på jordet, med skjæret i drift, reduserer eg trykket til 0,9 framme og 0,8 bar på bakdekka.

Store ventilar

Ventilane i felgane er betydeleg større enn originalventilane. Når Oma kjem frå vegen og skal justera lufttrykket ned, er det gjort på under eitt minutt. Luftpåfyllinga tek lenger tid, og er avhengig av motorturtalet.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,