Stødig arbeid: Entreprenøren navigerer gravemaskinen stødig langs vasskanten. Biletet er frå tidlegare i vår, då dei var i gang med tilbaketrekking av kanten. Foto: Karin Hansen Nærland/Hå kommune

Bønder langs Håelva gir frå seg delar av elvebreidda for å betra flaumsikringa og økologien i vassdraget.

Jane Brit Sande

– Reine vassdrag er viktige for at me skal overtyda myndigheitene om at intensiteten av jordbruket på Jæren er forsvarleg, seier Karin Hansen Nærland, over duren frå gravemaskina.

– Den økologiske tilstanden i Håelva er ikkje god nok, stadfestar ho.

Hansen Nærland er landbruks- og miljørådgjevar i Hå kommune. Jordbruket er intensivt langs den 38,4 kilometer lange elva. Over lang tid har elvebreiddane i nedre del vore prega av erosjon, og dårleg vasskvalitet. Behovet for tiltak i elva har auka i takt med auka nedbørsmengder. Sediment har hopa seg opp og elveleiet har blitt trongare. Elveeigarlaget har lenge jobba for å kunne gjere tiltak. I juni 2019 starta endeleg arbeidet med å forbetra «ånå», til glede for både fisk, elvemuslingar, og bønder.

– Me fjernar masse, sikrar elvekanten og lagar slake skråningar. Nokre plasser blir nedste del av skråninga steinlagt. I tillegg skal gytetilhøva for laksen bli betre. Dette gjer me ved å fjerna slam i botnen og tilføra ny gytegrus, seier Karin Hansen Nærland.

Kommunen skal ha ein gjennomgang av alle vassdraga i Hå. Håelva er prioritert på grunn av stort behov for forbetring av den økologiske tilstanden. Vassdraget, som er eit nasjonalt laksevassdrag, og også heim for den freda elvemuslingen, er verna.
Arbeidet i Håelva skal vera ferdig i 2021. Prislappen er på 7-8 millionar kroner. Prosjektet blir finansiert av SMILmidlar og midlar frå Fylkeskommunen, Miljødirektoratet, Norges Vassdrags- og Energidirektorat, og Hå og Time kommunar.
Per M. Bjorland står for koordinering av arbeidet i elva, der bøndene tar del i arbeidet og transporterer masse eller stein. Låg vasstand er avgjerande for at arbeidet kan bli gjort no. Entreprenøren har vore i gang sidan mai.

Karin Hansen Nærland

– Fylkesmannen lét oss jobba heile sesongen, med føresetnad om at gravemaskinen ikkje rørte vatnet i gytesesongen. Gravemaskinføraren navigerer maskina godt, og held seg rett over vasskanten, skryt Hansen Nærland.

Dårleg økologisk tilstand

Gjennom åra er det tatt mange forskjellege prøvar av vasskvaliteten i Håelva. Vasskvaliteten vart målt i 2011 og 2015. På ein fem-trinnsskala frå «svært dårleg » til «svært god», var kvaliteten stort sett målt til «moderat» eller «dårleg».

– Målet er at me løfter kvaliteten i elva til «god», seier Hansen Nærland.

I elva finst både laks og elvemuslingar.

– Det tyder på at kvaliteten ikkje er så dårleg at det ikkje er liv. Til dømes er muslingen veldig kresen på vasskvalitet. Men det er mykje mindre musling no, enn det var før. Det er mykje finmasse, eller slam, i botn av elva. Der trivst ikkje muslingen, seier Hansen Nærland.

– Me vil ha rein botn, med stein eller gytegrus. Det likar laksen.

Sikrar skråningar

For å sikra kantane langs elva, skal det leggast stein i «ru» steinsetting, noko som inneberer at steinane blir lagde i ein skråning ned mot elva. Tidlegare er det bygd tradisjonell steinsetting i fleire strekk i Håelva, men desse gir ikkje skjul for fiskane.

– Ru steinsetting, med slak helling over elvekanten, er meir stabilt. Den hindrar at kanten, eller sidene, glir ut. Sikring av kantane gjer at landbruket kan halde fram som før, då kantane ikkje lenger er truga av erosjon, seier Hansen Nærland.

– Elvekantane blir også soner for biologisk mangfald, og bidreg til å redusera tilførsla av næringsstoff i vassdraga, seier ho.

Ru steinsetting og utviding av sidene er god hjelp ved veldig høg vasstand og flaum.

– Er det veldig stor flaum, er det litt verre. Men med styrka kantar langs heile elva, vil vatnet renne betre, seier Hansen Nærland.

Elvebotnen skal også ha vekslande djupne.

– Vasstanden i elva er varierande gjennom året. Med hjelp av djupål, det vil seie det djupaste løpet i elva, og kulpar, har fisken ein stad å vere når vasstanden er låg, seier Hansen Nærland.

Grastorva som blir flytta ved tilbaketrekking av skråninga, blir sett tilbake igjen for å etablera vegetasjonsdekke.

– Dette har fungert veldig godt, og graset etablerer seg fort igjen. Det er mykje strandrøyr som bind jorda, og det veks høgt om sommaren. Det kastar litt skugge ned i elva, noko laksen set pris på, seier Hansen Nærland.

– Etter kvart håpar me at me også kan planta tre. Desse må plantast spreidd, og sjølvsagt langt vekke frå drensrøyr. Særleg selje og vie er aktuelt. Desse vil både kaste skugge om sommaren, og gi mat til pollinerande insekt, seier ho.

Frivillige tiltak i landbruket

Landbruket speler ein stor rolle både når det gjeld å tilføra – og å redusera næringsstoff til vassdraga. I Regionalt Miljøprogram er det fleire tiltak som bidreg til betre vasskvalitet. Desse er ikkje lovpålagte, og det er frivillig for bøndene å inngå ein avtale om miljøplan. Bønder som er med på denne avtalen får eit ekstra tilskot. Gjødslingsmengd og -tidspunkt er eit sentrale punkt.

– Denne avtalen inneberer at bøndene pliktar å setta opp ein gjødslingsplan. Obligatoriske punkt er maks tre kilo fosfor per dekar til gras, og at bøndene ikkje spreier gjødsel etter 10. august, seier Hansen Nærland.

– Dette er for å unngå at det blir for mykje fosfor i vatnet, noko prøvar viser at det er. Tidleg gjødsling er uansett ein fordel, då plantane får utnytta næringa betre, seier Hansen Nærland.

Eit anna tiltak, er å lata vere å gjødsle fire meter frå elvekanten.

– Men det er viktig å merke seg at avtalen gjeld gjødsling på alt areal på garden, ikkje berre det som grensar til eit vassdrag. Alt overskotsvatn går nemleg ut i vassdraga, seier landbruks- og miljørådgjevaren.

– «Frivillige tiltak i landbruket» ved Per Bjorland og Anne Marie Lerang gjer ein viktig jobb med å motivera bøndene til å gjere desse tiltaka, samt ved å følga opp der det dukkar opp utilsikta punktutslepp, seier Hansen Nærland.

Stikkord denne saka: