Få med deg opninga av Noregs første sauehus med gardin i bilete.
Jofrid Åsland
Bonden Finn Aarrestad feira sine 50 år med opning av nytt sauehus fredag den 13. februar.
Sauehuset er det første i landet med gardiner.
Toralf Auestad (8) og Tonje Lillebø (7,5) likte godt det nye sauehuset i bygda.
Det er plass til 240 dyr i fjøset. Denne fredagen var det 150 søyer og seks vêrar inne.
Fleire av dei besøkande diskuterte byggeprosjekt på eigen gard.
(F.v.) Siri Kvam Haugland, Ivar Mellemstrand og Stian Espedal var svært nøgde med oppmøte. – Dett er heilt topp, sa fagfolka.
Finn Aarrestad vil forsiktig auke besetninga framover, men vil passe på å ha plass til alle dyra under eitt tak i lemminga.
Over 200 menneske kom for å kikke på det nye bygget, slå av ein prat og få seg ein matbit.


