Naturleg, men…: Metanreduksjon, også frå drøvtyggjarar, er viktig i forsøket på å kjøla ned kloden. I kva grad tilsetting av metanhemmarar er rette måten, er det svært delte meiningar om. Foto: Istock / Clara Bastian
PODCAST:
Skal du bruka metanhemmar? (Reprise)
Bovaer reduserer metan-utsleppa frå kua, men fører til tusen spørsmål og dilemma. Bonderådet vårt ryddar opp og svarar ut.
Klimagassutsleppa frå dei 200 000 mjølkekyrne i Noreg skapar debatt. Er Bovaer, eit stoff som vert gitt med fôret og som reduserer utsleppa av den potente klimagassen metan, vegen å gå?
Skeptikarane, blant så vel bønder som forbrukarar, er mange. Me bør jo ikkje tukla med naturen, blir det hevda. Me vil ikkje ha kjemikaliar i mjølka, seier andre.
Debatten har gått varm med både fakta, følelsar og reine faktafeil i sosiale media.
Samstundes er presset mot jordbruket stort for å redusera utslepp. Og halvparten av utsleppa til jordbruket vårt er nettopp metan. Kanskje er då tilsetting av metanhemmarar i fôret til kyrne vegen å gå. Ja, kanskje er det også, trass prisen på 20 øre per mjølkeliter, billegare enn å bli pålagt ei eventuell klimaavgift?
Bonderådet vårt kastar seg over fakta, feil og dilemma kring metanhemmarar. Gjesteekspert i denne episoden er Harald Volden. Han har forska på drøvtyggarernæring i 35 år, mellom anna i Tine og ved Universitetet på Ås, og er sentral i forskinga kring metan til drøvtyggarar i Noreg.
Saman med Volden tar også Bonderådet føre seg alternative metodar for å redusera metanutslepp, som avl/genetikk, dyrehelse, grovfôrkvalitet og fôreffektivitet.
Harald Volden
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 60 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.


