Bonden er avgjerande: God drift handlar ikkje om rase eller driftsform, men om bonden sjølv. Illustrasjonsfoto.

Bonden er avgjerande: God drift handlar ikkje om rase eller driftsform, men om bonden sjølv. Illustrasjonsfoto.

Skjerpar kontrollen av sauenæringa

26. januar 2026 | Aktuelt

Bruk som mottek produksjonstilskot skal kunne vise til normal drift. No skjerpar kommunane kontrollen med sauenæringa.

Liv Kristin Sola

Alle jordbruksføretak som mottek produksjonstilskot skal kunne vise til normal jordbruksproduksjon og god agronomisk praksis. For sau betyr det at alle bruk som mottek husdyr- og avløysartilskot skal kunne dokumentere normale slakteleveransar.

Skadar omdømmet

Slik er regelverket, men rådgivar hjå Statsforvaltaren i Rogaland, Hanne Elin Herrebrøden, erkjenner at det er krevjande å fange opp  dei som driv for dårleg.

– Me veit det er tilfelle kor tilskotet skulle vore avslått, men det er mange faktorar som skal vurderas som rase, driftsform og andre lokale forhold. Det gjer desse sakene komplekse, seier ho.

No vil Statsforvaltaren i Rogaland styrke kommunane i arbeidet med å følgje opp desse sakene, og intensivere informasjonsarbeidet slik at produsentane skal vete kva som krevst av normal drift.

– Me må gå djupare inn i desse sakene og få meir dokumentasjon for å vurdere om drifta har rett på tilskot, seier Herrebrøden.

Hanne Elin Herrebrøden

Hanne Elin Herrebrøden

For produksjonstilskot er meint å stimulere til nettopp produksjon.

– Urettmessig utbetaling av statlege tilskot skadar ikkje berre omdømmet til næringa, det utfordrar òg legitimiteten til heile tilskotssystemet, seier Herrebrøden, og er trygg på at ho har næringa med seg.

Få eller ingen lam til slakt: Føretak som har levert færre enn 50 prosent eller lågare, av landssnittet lam til slakt. Med fråtrekk for på­-<br />
settlam som i  2024 var 0,58 slakta lam per søye.

Få eller ingen lam til slakt: Føretak som har levert færre enn 50 prosent eller lågare, av landssnittet lam til slakt. Med fråtrekk for på­settlam som i 2024 var 0,58 slakta lam per søye.

Låg slaktevekt: Tal føretak med gjennomsnitt lammeslaktevekt på<br />
70 prosent eller lågare, av landssnittet.<br />
I 2024 var dette 12,18 kg.

Låg slaktevekt: Tal føretak med gjennomsnitt lammeslaktevekt på 70 prosent eller lågare, av landssnittet. I 2024 var dette 12,18 kg.

For få eller ingen lam

Utfordringa er todelt; for lette lam til slakt og/eller for få lam slakta per søye.

– I enkelte tilfelle er det ei logisk forklaring på kvifor det ikkje er levert lammeslakt på eit produsentnummer. Dei sakene må me kvittere ut, seier Herrebrøden.

Sjølv om husdyrtilskot blir avslått, kan søkjar ha rett på beitetilskot, då desse tilskota har ulike formål. Retten til beitetilskot må vurderast i kvar enkelt sak.

I saker kor det er levert unormalt få lam til slakt, må kommunane gå inn i sakene, ta kontakt med bonden, og finne årsaka til at vedkommande kjem dårleg ut på listene. Er det nyoppstarta drift må bonden ha laga ein plan for drifta.

Herrebrøden meiner at dei med dagens regelverk kan ta tak i fleire saker. Samstundes ser ho at kompleksiteten gjer at sakene er krevjande for kommunane å handtere.

– Det er Statsforvaltaren sitt ansvar å rettleie kommunane i desse sakene. Kommunane må bli tryggare på at dei vurderer dette likt, og at dei har støtte hjå oss, seier Herrebrøden.

«… det utfordrar òg legitimiteten
til heile tilskots­systemet.»

Hanne Elin Herrebrøden

Mange måtar å drive på

Det er mange måtar å tilpasse drifta på, ikkje minst i sauehaldet. Utfordringa for kommunane er å definere kva som er normal drift. Spesielt i besetningar med ekstensive rasar som beitar på marginale beite som til dømes kystlynghei.

– Me ønsker jo beiting i desse områda, òg i skuldersesongar, men det er bonden sitt ansvar at det er nok beite. Og bonden må vurdere om unge dyr skal beite dei mest marginale areala, seier Herrebrøden.

Handlar om bonden

Målet med innskjerpinga er ikkje å «straffe» dei med lette rasar. Herrebrøden minner om at det ikkje er rase, driftsform eller beitekvalitet som er avgjerande for god drift, men bonden sjølv.

– Desse utfordringane handlar ikkje om rase, men om dårleg drift. Det er fullt mogleg å ha god drift med ekstensive rasar, og motsett, seier rådgivaren.

Slik det er i dag har forvaltinga inga oversikt over kva rase bøndene har. På mange bruk er det fleire rasar og kryssingar, det er ulike driftsmåtar og mål med drifta.

– Det er bra, men me kan ikkje gå på kompromiss med god drift og god dyrevelferd. Derfor er det viktig at kommunane har kompetanse til å gjere desse vurderingane, seier ho.

Godt forankra i næringa

Herrebrøden meiner forvaltninga må tørre å gå djupare inn i sakene for å finne årsak til avvik og be om dokumentasjon der dei er i tvil om det er normal drift.

– Det er ikkje éin enkelt faktor som er avgjerande for om produksjonen oppfyller kravet, men ei samla vurdering, seier ho.

For det finst unntak. Ein produsent kan ha dårleg dyrevelferd utan at dette nødvendigvis gir utslag på dei aktuelle «risiko»-listene (sjå faktaboks).

– Dersom Mattilsynet sender oss saker på grunn av mangelfull dyrevelferd, kan det vere grunnlag for å avslå husdyrtilskot, sjølv om produsenten elles oppfyller krava til produksjon, seier Herrebrøden.

Ser søknaden opp mot slakteresultat

I saksbehandlingssystemet sitt har forvaltninga tilgang til eigne rapportar som blir nytta som hjelpemiddel i såkalla risikoutplukk av føretaka som søkjer tilskot til sau. Rapportane samanstiller opplysningar frå søknad om produksjonstilskot med registrerte slakteleveransar til slakteri.

Rapporten gir mellom anna oversikt over tal lam per søye på beite og slakta, gjennomsnittleg slaktevekt, samt tal kilo lammeslakt per søye.

Dersom ein produsent ligg under 70 prosent av landsgjennomsnittet for slakteleveransar og under 50 prosent av landsgjennomsnittet for reproduksjon, målt som tal lam per søye, blir dette markert i rapporten.

Desse markeringane er utelukkande eit grunnlag for vidare vurdering og inneber ikkje i seg sjølv at det ligg føre brot på regelverket.

Landsgjennomsnittet er basert på alle raser.

Må ta i bruk regelverket

Rådgivaren meiner dagens retningslinjer gir eit godt grunnlag for å avslå tilskot i dei sakene med dårlege produksjonsresultat. No er det forvaltninga si oppgåve å gå djupare inn i sakene kor det er mistanke om unormal drift.

– Me må starte i den dårlegaste enden og ta tak i dei besetningane som fell utanfor det regelverket me har i dag. Så kan me på sikt diskutere om det bør stillast enda høgare krav til produksjonen enn det som ligg i dagens regelverk, seier ho.

Rapporten som er laga av Landbruksdirektoratet er basert på landsgjennomsnitt frå Sauekontrollen. Gjennomsnittet  vil ofte liggje lågare enn det som er normalt for produsentar med norsk kvit sau (NKS), som er den vanlegaste rasen i Rogaland. Samstundes har fylket ein lang vekstsesong og generelt gode beiteforhold.

– Det er derfor viktig at rapportane blir tolka korrekt, slik at risikoutplukket ikkje einsidig treff produsentar med lettare raser, seier Herrebrøden.

Seriøst?: – Å betale ut tilskot til dyrehald med svært låg produksjon kan føre til at folk mister tillit til tilskotsystemet vårt. Det er næringa dårleg tent med, difor er arbeidet Statsforvaltaren no gjer godt forankra i næringsorganisasjonane i Rogaland, seier Hanne Elin Herrebrøden.  Foto: Istock / agustavop

Seriøst?: – Å betale ut tilskot til dyrehald med svært låg produksjon kan føre til at folk mister tillit til tilskotsystemet vårt. Det er næringa dårleg tent med, difor er arbeidet Statsforvaltaren no gjer godt forankra i næringsorganisasjonane i Rogaland, seier Hanne Elin Herrebrøden. Foto: Istock / agustavop

Vegen vidare

Bønder med normal drift treng ikkje uroa seg. Heller ikkje produsentar med lette rasar.

Kontroll og eventuelle reaksjonar vil vere avgrensa til bruk der produksjonsresultata ligg vesentleg under det som kan forventast ut frå rase, forsikrar Herrebrøden. Det skal med vanleg drift vere fullt oppnåeleg å ha produksjonsresultat som kvalifiserer for husdyrtilskot.

– Å avslå tilskot er alltid krevjande fordi det råkar enkeltbønder, seier Herrebrøden.

– Samstundes er det viktig å vere tydeleg på at regelverket stiller krav. Difor vil me gi kommunane tettare fagleg rettleiing for å sikre lik praksis i desse sakene. Det vil bidra til at tilskot blir utbetalt til dei som etter regelverket har rett på det, seier Herrebrøden.

Ikkje godkjent: Tal føretak av dei som søkte produksjonstilskot for dei ulike åra som ikkje fekk godkjent søyer og tal føretak kor det i rapporten ikkje er registrert lam til slakt.

Ikkje godkjent: Tal føretak av dei som søkte produksjonstilskot for dei ulike åra som ikkje fekk godkjent søyer og tal føretak kor det i rapporten ikkje er registrert lam til slakt.

Under radaren

Ved jordbruksoppgjeret i 2024 vart partane samde om å gi Landbruksdirektoratet i oppdrag å gå gjennom grunnvilkåra for produksjons- og avløysartilskot. Arbeidet er summert i rapporten: «Grunnvilkår for produksjons- og avløsertilskudd».

Rapporten viser at kommunane i for liten grad kontrollerer at føretak faktisk oppfyller vilkåra for å få utbetalt husdyrtilskot til sau.

Av nærare 13.200 føretak som søkte produksjonstilskot til søyer i 2023, var det 864 bruk (6,5 prosent) som ikkje var registrert med slakteleveransar. I overkant av 80 prosent (703 føretak) fekk utbetalt husdyrtilskot for søyene, sjølv om det ikkje var registrert lammeslakt på føretaket. I sum fekk dei 703 føretaka utbetalt nærare 28 millionar i husdyrtilskot.

Kjelde: Landbruksdirektoratet – Rapport 8/2025 (s114-115).

Stikkord denne saka: