Doblar innbyggartalet: Lene og Emilie håpar på 2000 besøkande når dei inviterer til NM-fest på Bokn. – Jo da, det er eit stort løft.<br />
Men heile bygda stiller opp. Og når andre klarar det, så skal me jammen klare det på Bokn også, seier dei to.
Doblar innbyggartalet: Lene og Emilie håpar på 2000 besøkande når dei inviterer til NM-fest på Bokn. – Jo da, det er eit stort løft. Men heile bygda stiller opp. Og når andre klarar det, så skal me jammen klare det på Bokn også, seier dei to.

Snur Bokn på hovudet med NM

14. september 2025 | Aktuelt

Bokn Sau og Geit er 50 år. Det skal dei feire med å arrangere NM i saueklipping og ullhandtering. Og dei har hyra veteranskipet MS Sandnes som flytande hotell.
– Velkommen til verdas beste NM, seier Emilie Moi Eikje og Lene Vatnaland.

Liv Kristin Sola

Dei hadde tenkt litt på det før dei byrja å snakka høgt om det. At dei skulle arrangere NM i saueklipping og ullhandtering i samband med femtiårs-jubileet. Og etter kvart som dei snakka om det, vart det til slutt ei sanning.

– Kvifor ikkje? Bokn er jo midt i matfatet, seier Emilie Moi Eikje, som er leiar i Bokn Sau og Geit, og i NM-komitéen.

– Det er ein fin måte å markere jubileet på. Og så kan folk få sjå kor fint me har det her, legg ho til.

Heile bygda er med

Emilie og kollega Lene Vatnaland er to av sju bønder i Bokn Sau og Geit som inviterer til NM i saueklipping og ullhandtering helga 19. og 20 september.

– Og heile bygda er med, pluss litt til, seier Lene.

For slik er det på Bokn. Bygdefolket stiller opp på dugnad, noko Emilie og Lene og resten av komitéen er svært takksame for, stolte – og avhengige av.

Dei er 40 bønder i kommunen. Dei fleste er under 40 år, og har sau. Og dei er flinke til å hjelpe kvarandre.

– Elles kan det jo vere eit einsamt yrke å vere bonde, seier Lene.

Siste seng går i null

På Bokn er det to campingplassar, ein butikk, og ein pub. Puben er open ein kveld i månaden. At dei verken har hotell eller idrettshall til konkurransen, tok arrangørane på strak arm. Dei har leigd eit stort NM-telt, og hyra inn veteranskipet MS Sandnes som flytande hotell. Noko som gjer eit trongt budsjett endå meir krevjande.

– Skal budsjettet gå i null, må me selje alle dei 120 sengene om bord i Sandnes, stadfestar Emilie.

Sandnes skal ligge til kai rett ved NM-teltet, og tilbyr overnatting med frukost. I tillegg har dei open restaurant i festsalen med sal av lunsj og middag til alle som vil ta ein tur om bord.

– Me håper på god stemning og eit godt miljø rundt arrangementet, og at folk held seg i området heile helga. Då måtte me ha tilbod om overnatting, seier Emilie.

Frå tase til semin

Lene og Emilie legg ikkje skjul på at NM er eit omfattande arrangement, ikkje minst økonomisk. Ein viktig jobb har vore å skaffe sponsorar, noko dei gjer med glimt i auge. Dei freistar med sponsorpakkar som: Tase, Gimmer, Gourmetsau og Seminvær.

Tasepakken er for små bedrifter og lag som ikkje har så mykje å avsjå, medan dei tre oppgraderte pakkane får ha stand og profilering på arrangementet.

– Me kan jo ikkje gi oss, me må jo ha pengar, seier Lene.

Kommunen, næringslivet og industrien har vore positive frå første dag. Bøndene får blant anna låne industrihallen til Knapphus og Steinsvik til å huse saueflokken. Og Skanska, som jobbar på Rogfast-prosjektet, har grusa opp og planert ut plassen der NM-teltet skal stå, og bidreg med lapskaus til kafeen.

Sauelogistikk

Torsdagen før NM-helga kjem Fatland og Nortura med nærare 1000 sauer.

– Det er fleire sauer enn det bur folk på Bokn, seier Lene.

Dyra skal ha mat og vatn. Dei skal grupperast slik at vilkåra blir mest mogleg like for konkurrentane.

– Vekta skal vere mellom 42 og 55 kilo, likt fordelt i gruppene. Sauene skal forklippast etter ein standard og godkjennast av dommarane, seier Emilie.

Gler seg til NM: Etter lang tid med planlegging, ser Lene Vatnaland og Emilie Moi Eikje no fram til å ønske gjestene velkomment til Bokn, og til NM i saueklipping og ullhandtering. 
– Me treng nok 20 personar på kvart skift til å klargjere sauene. Og så treng me nokon til å handtere ulla under konkurransen, seier Lene.

Tittelforsvarar og utfordrar

Åsmund Kringeland er òg på heimebane. I fjor tok han andreplass i klippe-NM i Etne, slått av Lars Sønstevoldhaugen. I år knivar dei to om å få vandrepokalen til odel og eige. Begge har tre napp. Den som står øvst på pallen i helga, vil få pokalen til odel og eige.

– Om ikkje det kjem ein utfordrar og nappar pokalen frå dei to rivalane, seier Lene.

I tillegg er Gerhard Håkull frå Skjoldastraumen i ei klasse for seg, med 14 NM-titlar i ullhandtering.

«Det er fleire sauer enn det bur folk på Bokn.»

Lene Vatnaland

Internasjonal konkurranse

Emilie og Lene seier det er låg terskel for å delta i NM. Dei trekker fram miljøet som det viktigaste med arrangementet. I tillegg til dei norske klipparane, kjem det også deltakarar frå  store klippenasjonar som New Zealand, Australia, England, Irland, Wales og Skottland. Samt frå Island, Tyskland og Frankrike – klipparar som er her i landet for å klippe sau, no i sesong. Og så kjem det to skotske dommarar.

– At dei internasjonale deltakarane kjem er absolutt med og skapar godt miljø, seier Emilie.

Konkurransen

Fredag blir det speed-klipping og klipping med handsaks. Og nokre innleiande rundar.

Laurdag blir det meir kvalifisering, samt finalar for junior, mellomklasse, og senior, pluss NM-finale og finale i open klasse. Og det blir kvalifisering og finale i ullhandtering, før det blir premieutdeling.

Damene konkurrerer i klasse med menn, men dei fire beste møtest i ein rein dame-finale.

– Me håper å motivere fleire damer til å klippe. Teknikk og smidigheit er like viktig som styrke i dette yrket, seier Emilie.

Dei små detaljane

I skrivande stund er komiteen i rute, men kva om det plutseleg dukkar opp noko viktig som dei ikkje har tenkt på?

– Noko av det mest krevjande har vore å finne tal på ting. Enkle ting som posar med kaffi, straum, kor mange kaffikoppar, bestikk. Dei små detaljane, seier Lene.

Sjølv har ho aldri vore på NM ull og klipp, medan Emilie var i Ringebu i 2023 og i Etne i fjor. Ikkje minst for å sjå kva som skjer bak scena med handtering og klargjering av dyr.

Dei to bøndene er ikkje i tvil, den største utfordringa desse NM-dagane blir å organisere og klargjere sauene for klipping.

– Det er vårt ansvar at logistikken går smertefritt, seier Emilie.

Ho erkjenner at det har vore nokre søvnlause netter med mykje grubling kring korleis løyse logistikken med dei store saueflokkane.

– Eg har nok vore litt meir stressa og muggen enn vanleg. Men no gler eg meg, seier komitéleiaren.

Variert program:

Du treng ikkje vere spesielt interessert i sau for å kome til Bokn denne helga. Her er oversikt over kva som skjer på kaia desse to dagane:

  • Hoppeslott og Bokns største sandkasse – med minigravarar.
  • Sal av lapskaus i NM-teltet.
  • Restaurant med lunsj og middag om bord i MS Sandnes.
  • Soknerådet inviterer til Salmar i  messa med bandet Østebøvikane.
  • Utstilling av elevarbeid i ull.
  • Sogelaget har utstilling.
  • Båtlaget skal ha trebåtutstilling.
  • Pub og dans laurdag kveld.
  • Haustmarknad med sal av ull, garn, handverk og lokalmat.
  • Og sjølvsagt ansiktsmåling for små og store.
  • Overnatting: Lugar med frukost på MS Sandnes, eller på Raude Krossen sin bubilcamp.

Litt om BOKN

  • Totalt er det 123 små øyar i Bokn, og det bur folk på tre av dei; Austre og Vestre Bokn og Ognøy.
  • Folketalet har akkurat bikka 900 innbyggarar – og er per i dag 906.
  • Bokn Sau og Geit har 35 medlemmar.
  • 40 bønder som søker produksjonstilskot. Dei aller fleste har sau, i tillegg til mjølk eller ammekyr.
  • Næringslivet på øya er dominert av jordbruk og fiske/oppdrett, og oljeindustri. ​

 

MS Sandnes. Foto: Julie Vestbø
Historisk: Som ny segla MS Sandnes den såkalla «Nattruten» mellom Stavanger og Bergen, og Føresvik på Bokn var første stopp på veg nordover. Fredag legg MS Sandnes til kai ved Føresvik, som hotell for deltakarar og andre interesserte under NM. Foto: Julie Vestbø

NM-helg ombord i Sandnes

Når Bengt Egil Elve ikkje er på jobb for Nortura, mønstrar han gjerne på som matros eller styrmann på veteranskipet MS Sandnes. Han er imponert over bøndene på Bokn som tek på seg NM-arrangementet og som sørger for kreativ overnattingskapasitet, ombord i veteranskipet.

MS Sandnes er bygd ved Nyland verkstad i Oslo i 1950, og gjekk i trafikk mellom Sandnes/Stavanger og Bergen, den såkalla «nattruta», fram til 1974. Føresvik på Bokn var det første stoppet på turen nordover.

Mange kjenner Sandnes som skuleskipet Gann frå 1977 til 1995. I dag er MS Sandnes verna av Riksantikvaren, og er Norges største veteranskip.

Interiøret er halde 50-tals stil.

– Her kan du slappe av i damesalongen eller herresalongen – og tenke på korleis det stod til med likestillinga på 1950-talet, seier Elve.

Stikkord denne saka: ,