BN+

Søk på Særheim: Kjetil Særheim (t.v.) og Christopher Martinsen nyttar gjerne fleire timar til søk i marka. – Det er skattejakta og interessa for gamle ting som er drivkrafta, seier dei. Her er dei på Særheim, på familiegarden til Kjetil Særheim.


Sør-Rogaland Metallsøkerklubb etterlyser grunneigarar som vil la dei søke etter historiske funn på dyrka mark.


Jane Brit Sande


Christopher Martinsen og Kjetil Særheim, høvevis leiar og medlem i Sør-Rogaland Metallsøkerklubb, vonar at fleire bønder og grunneigarar vil la dei søke etter historiske gjenstandar på dyrka mark.


– Me trur at det verserer ein del myter om at funn på marka vil automatisk føre til strenge restriksjonar på drifta. Det stemmer ikkje, seier Martinsen.


– Det blir levert inn tusenvis av gjenstandar til Arkeologisk museum kvart år. Eg kjenner ikkje til historier der funn gjort av hobbysøkarar fører til utgraving, seier Særheim.

Søppel og skattar

Bondevennen har fått bli med på garden der far til Særheim vaks opp, på Særheim i Klepp. Martinsen og Særheim seier at dei gjerne kan gå rundt i sju-åtte timar på eit jorde med metallsøkaren. Det er visst ikkje så lett å gi seg.


– Det er skattejakta og interessa for gamle ting som er drivkrafta. Det å vita at dette spinnehjulet som eg grov opp frå marka, kan vere ei lita brikke i det puslespelet som dannar eit større bilete, seier Særheim.


Martinsen er samd.


– Eg kan gå timar og berre finne søppel, men så, plutseleg, kjem eg over eit lite avgrensa område der det ligg fleire myntar eller gjenstandar. Då er det timane verdt, seier han.


Dei anslår at kring 95 prosent av det dei grev opp, er søppel.


– Alt me grev opp, tek me med oss, same om det er skattar eller søppel, seier Særheim.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.