Måndag 27. juni blei 4H Rogaland sin fylkesleir på Kjølvikstølen i Suldal kommune avslutta, etter 4 dagar med aktivitetar, underhaldning, konkurransar, kos og sosialt samvær for nesten 200 deltakarar og 100 vaksne leiarar og hjelparar.



Sendt inn av:
Linda Liem (Frisko 4H, Erfjord)
Informasjonsansvarleg i leirkomiteen



Leirkomiteen med leirsjefen Ole Johan Østebø i spissen kan sjå tilbake på eit vellykka arrangement i eit flott og vakkert område. Dei har jobba i lag med 4H fylkeskontoret sidan desember 2015 med organisering av fylkesleiren.

Suldal-ordføraren Gerd Helen Bø opna leiren på fredag og var det moglegheit å bli kjent med dei andre. Laurdag var ein solfylt og perfekt dag for aktivitetar som fisking, kanopadling, vanntube, paintball, hesteriding i Sauda, klatring og topptur til Skardnuten. Herifrå var det utsikt over heile Suldalsføret og over fjorden heilt til Stavanger. Søndag var det tid for ei spennande og engasjerande volleyballturnering i regi av volleyballgeneralen Sigve Hauge, tross regn innimellom. Om kvelden var det underhaldning med bl.a. miljøtorg, diskotek, jonsokbål og tryllekunstnar Steinar Thelen. Måndag var det allereie tid for å pakke ned teltet og heimreise.

Mykje ros var det også for maten under leiren. Kjøkkensjefen Borgny Haug og hjelparar hennar forsynte alle med taco, laks og båtpotetar, kotelettar og kyllingvingar frå grillen, pastasalat med kylling og focaccia og mykje meir deilig mat.

Stikkord denne saka: