Forma var det ingenting å utsetta på, då 70 år gamle Norges Bygdeungdomslag arrangerte hausttevling på Nærbø, Jæren, helga 14.-16.oktober.
Bothild Åslaugsdotter Nordsletten
Erfarne lag frå fleire kantar av landet målte krefter i mellom anna NM i maskinmelking, blautkakepynting og motorsag, medan potensielle medlemmar tevla i mini-traktorløp og spikring. Rogaland Bygdeungdomslag stod for haustarrangement, som blir etterfulgt av ein stor jubileumsfest i november.
Stikkord denne saka: ung i bygda