Best pris: Limousinoksen Osvald av Viersdalen fekk auksjonens høgst bod på 165.000 kroner. Foto: Tyr

Bøndene måtte ty til skjerm og tastatur då dei skulle by på avlsoksar under årets okseauksjon på Staur. Det la ingen dempar på kjøpelysten.

Liv Kristin Sola

Tyr si tradisjonelle festhelg på Staur Gård, med fagleg og sosialt samvær og den svært populære okseauksjonen, måtte avlysast i år. Likevel klarte Tyr å legge til rette for nettauksjon slik at oksane som var klare for sal kunne omsettast og få nye eigarar. Etter prisane å dømme, vart det ingen dårleg erstatning for sjølve auksjonen.

– I engasjement og tal påmelde på auksjon, var det ei auka interesse samanlikna med tidlegare år. Alle oksane vart selde til greie prisar og me i Tyr er nøgde med resultatet, seier Julie Vaagaasar, avlskonsulent i Tyr.

170 bønder hadde meldt seg på auksjonen i år, mest dobbelt så mange som tidlegare. Femti oppdrettarar hadde oksar for sal og 53 ulike kjøparar vart ein okse rikare og nokre tusenlappar fattigare, denne siste laurdagen i april. Auksjonen opna tysdag 21.april og vart avslutta laurdag etterpå. I tur og orden rulla kandidatane over skjermen, rase for rase vart dei vist fram for kjøpelystne bønder. Allereie før det var gått ein time hadde det kome inn bod på dei første oksane. Vaagaasar fortel at interessa varierer mellom rasane og at dei tunge rasane er mest etterspurt. Det speglar seg også i prisnivået. Til slutt vart det limousinoksen Osvald av Viersdalen som enda på auksjonens høgste pris, heile 165.000 kroner. Det var likevel simmental som nådde den høgste snittprisen. Men det var få oksar til sals og rift om dei som vart bydd fram, ifølgje Vaagaasar.

Julie Vaagaasar

– Rasen blir meir og meir populær og får stadig fleire oppdrettarar. Raselaget har gjort eit godt arbeid dei siste åra, seier avlskonsulenten.

Viktig for næringa

Alt i alt er Tyr nøgd med nettauksjonen, men gler seg til igjen å kunne invitere engasjerte kjøtfebønder til gards på Staur 24. april neste år.

– Ein nettauksjon har ingenting med festdag å gjere. Når det er auksjon på Staur kjem det mellom fem og seks hundre besøkande som er interessert i kjøtfe. Bønder frå heile landet møtast på tvers av rasar, i lag med rådgivarar frå slakteria og oss i Tyr, seier Vaagaasar.

Kvelden før sjølve auksjonen er det fagsamling med kring to hundre deltakarar, med fagføredrag og gjennomgang av seminoksar og salsoksar av alle rasar, før kvelden vert avslutta med festmiddag.

– Det er kjempeviktig for næringa at me har ei slik samling, stadfestar avlskonsulenten.

Kåring

Alle produsentar kan melde inn oksar til test hjå Tyr. Kravet er at oksen har stambokført mor og prioritert far. Etter påmelding vurderer Tyr dei ulike oksekombinasjonane og vel ut oksekalvane dei vil sjå nærare på. Ei ressursgruppe reiser på gardsbesøk og vurderer om lag 250 kalvar og oksemødrer, før dei bestemmer seg for kva dyr dei vil ha inn til testing.

– Oksekalvane står i test i 147 dagar og blir vurdert på grovfôropptak, fôrutnytting og tilvekst. Når testkandidatane passerer året, blir dei kåra. Kåringa er ei eksteriørbedømming av heile dyret, i tillegg til ultralydmåling av ryggmuskel. Etter kåringa vel me ut dei som skal vidare til semin eller ut som bedekkingsoksar, seier Vaagaasar.

 

Auka interesse: Tyr merkar auka interesse for Simmental og dei åtte simmentaloksane som var for sal på Staur ende på den høgste snittprisen av dei fem rasegruppene. Otto PP av Thorshov fekk høgste bod på 127.000 kroner. Foto: Tyr

Oksar og prisar (per april 2020)

Limousin: Dei tolv limousinoksane nådde ein snittpris på 81.917 kroner. Oksen 31773 Osvald av Viersdalen vart klubba gjennom på auksjonens høgste salssum, 165.000 kroner. Oksen er best i si klasse på eksteriør med 114 i rangtal, og svært sterk på tilvekst med 1782 gram per dag (112 i rangtal). Osvald er ein Full Frenchokse og blant eigenskapar som vert framheva er ekstremt bra muskelfylde i bakparten og feilfrie bein og klauver. Far er franske Hamac RJ.

Hereford: Dei ni herefordoksane nådde ein snittpris på 47.667 kroner. Best pris fekk 31751 Omaha PP av Birkeli, på 68.000 kroner. Oksen har eit rangtal på 113, som er best i sin klasse. Omaha har årets beste rangtal på grovfôropptak med 5,4 FEm per dag, og 112 i rangtal. Han har nest best tilvekst i testrunden, med 1489 gram per dag. Faren er den amerikanske embryooksen Mahogany. Omaha er homozygot kolla.

Simmental: Dei åtte simmentaloksane nådde den høgste snittprisen på 94.000 kroner. Høgste bod, på 127.000 kroner, vart gitt for 31793 Otto PP av Thorshov. Faren er austerrisk-tyske Rocko PP. Otto er homozygot kolla. Han er lite i slekt med den norske populasjonen av simmental. Tilvekst er målt til 1863 gram per dag, som gir 107 i rangtal.

Aberdeen Angus: Elleve oksar av angus nådde ein snittpris på 53.909 kroner. Høgste bod, på 82.000 kroner, var på 31706 Hovin av Ox, son etter skotske Dunlouise Jipsey Earl. Hovin Ox sin sterkaste eigenskap er intramuskulært feitt, som er målt til 3,9 prosent og eit rangtal på 107 for eigenskapen. Basert på avstamming, test og avlsverdi er det venta at Hovin Ox er ein god allroundokse som gir avkom med lette fødslar, grei produksjon og gode moreigenskapar.

Charolais: Fjorten oksar av rasen Charolais nådde ein snittpris på 83.643 kroner. 31726 Olav P av Bakke fekk det høgste bodet på 160.000 kroner. Olav er heterozygot kolla og testvinnar for rasen med 115 i rangtal. Oksen er stor og kjøtsett og spesielt sterk på tilvekst, med 1972 gram per dag og 114 i rangtal. Andre eigenskapar som er framheva er muskeldjupne, fôrutnytting og eksteriør. Faren er franske Cabrel og mora, Nansi av Bakke, er født i 2005 og har hatt fjorten kalvar på tolv kalvingar. Nansi av Bakke er mor til 70079 Espen av Bakke.

Semin i spesialisert kjøtproduksjon

Om interessa for gode avlsoksar er stor, kan Tyr også melde om auka interesse for bruk av semin på kjøtfe.

– Produsentane blir stadig meir dyktige og profesjonelle i måten dei driv på. Det aukar interessa for avl og semin, for alle rasar. Det er ei gledeleg utvikling, meiner Vaagaasar.

Ho erfarer at det gjerne er driftsmåten og fjøset som avgjer om bonden ønsker å ta i bruk semin eller nytte ein stambokført okse.

– Dei fleste som bruker semin inseminerer og sikrar kalv i kua før beiteslepp. Men for dei som vel naturleg paring på beite og vårkalving, er ein avlsokse eit alternativ til semin, seier avlskonsulenten.

Stikkord denne saka: